mandag 30. august 2010

Ei augustnatt

Å ikkje klare sovne og i staden for liggje og tenkje på:

- menn ein gjerne skulle ha kyssa

- dei fine augeblikka med han som var alt

- vakre scener frå filmar ein ikkje har sett på fleire år, men som er rett der i DVD-hylla

- oppskrifter ein nettopp har dikta opp, og lure på om dei kjem til å fungere

- bursdagsfeiringa, og korleis alle dei folka skal få plass, men samtidig glede seg

- at å ha fest på toppen av ein bygning må vere quite magical

- korleis alt verkeleg handlar om pengar (og kjærleik)

- nyttårsmarkering i London og det nydelege hotellet ein aldri har vore i, men likevel drøymer om

- alle ein saknar, sjølv om ein var med fleire av dei for mindre enn eit døgn sidan

- korleis ein skal få livet sitt til å gi meining, og om det i det heile tatt er nødvendig, kanskje alt er fullstendig random (men det er så skremmande)

- den fine mannen på Bybanen


15 kommentarer:

  1. Håpe dåkkår komme dåkkår t london :)

    SvarSlett
  2. Haha, blir spennende med bursdagbesøket ja. xD

    SvarSlett
  3. Aw, den siste der var så full av håp. Hvem tror du han er?

    SvarSlett
  4. Eg veit for så vidt kven han er, sjølv om han aldri sa kva han heitte, det var ein Aleksander, Elisabeth og eg snakka med på veg til sentrum på laurdag kveld. :) (Kanskje den neste fine mannen på Bybanen kan vere ein utan giftering.)

    SvarSlett
  5. Håper det var ein utan giftering. Så mange gode tankar du har når du ikkje får sova, ikkje så verst likevel då.

    SvarSlett
  6. Ja, eg prøvde fokusere på det positive i natt. :)

    SvarSlett
  7. Håpa du ser an igjen då. :P

    SvarSlett
  8. Eg tenkje ofte på ting som ikkje er alltid så fine, det er ikkje gøy.

    Det er fint å tenke på korleis ting hadde vore.

    (det er Lene, men det klikka)

    SvarSlett
  9. Uff, ja, det gjer eg òg. =/ <3

    Ja, det er det. :)

    SvarSlett
  10. Ja, la oss håpe det. Ick, mange av de med er altfor attraktive. Det burde være noe sånn at når en mann eller kvinne er gift, blir de stygge for alle andre enn de selv, en slags boble som bare inneholder to mennesker.

    SvarSlett
  11. Det hadde i alle fall vore ein småinteressant bokidé. :)

    SvarSlett