søndag 20. mars 2011

Å leve

Nokre gonger er minnet om at han raudna då eg kyssa han på kinnet det eg treng for å leve vidare. Men andre gonger vil eg berre leve, vere her, her og no, og livet er så uendeleg vakkert når eg kan ha engelske filmkveldar med gode vener eg lagar middag til. Eller når eg snakkar i timevis med ein ny ven eg håpar kjem til å vere del av livet mitt framover, der me skåler med kvart vårt glas og vert einige om at blod visualisert som flytande tøystykke er noko av det finaste som finst.

-

Eg er så uendeleg glad i dykk alle, både dykk eg ser ofte som eg kan seie det til, ansikt til ansikt, og dykk eg ser sjeldnare, men er minst like glad i. Og når eg ser at Narcissus spirer og gror, vert eg påminna om at det stadig kjem nytt liv til denne verda og me har alle noko å seie, me kan alle skape noko eineståande og vedunderleg.

8 kommentarer:

  1. Aw, I love you, forever and ever!

    SvarSlett
  2. Åh, alle fortjener å ha en så spesiell venn som du er Birte! Du er det lille ekstra og krydderet i hverdagen som alltid klarer å få andre til å smile. INTERNETTLOVE <3

    SvarSlett
  3. Awh, det gjorde uendeleg godt å høyre. Tusen takk, fantastiske deg, og likeså! INTERNETT(+REALLIFE)LOVE <3

    SvarSlett
  4. Eg er så glad for å ha deg som ven :) Blømer bridal crown narcissen nå? Tusen takk for kortet, det gjorde meg så glad. Du er verkeleg flink til å gleda andre! Stor klem frå meg

    SvarSlett
  5. Takk likeså. :)
    Nei, ikkje enno, kanskje han ikkje er så nøgd der han står som han gir uttrykk for, men dei grøne bladene er fine dei òg.
    Eg er glad eg gjorde deg glad. :)
    Stor klem tilbake <3

    SvarSlett
  6. Reallifelove right back at you! :D

    SvarSlett