søndag 28. august 2011

Festivalfilmar

I ei vekes tid har eg tatt del i filmmagi. Eg har tatt i mot superviktige folk eg ikkje veit kven er og folk som synest dei er superviktige, men som må ta festivalbussen i staden for å få privat bil. Eg har smilt til regjeringsmedlem og site i same bil/buss som produsentar, regissørar og skodespelarar. Filmmagien vart avslutta på torsdag med Oslo, 31. august og middag med prisutdeling på Rica Maritim, og dersom ein reknar dei fire kortfilmane eg såg som éin, så har eg sett 15 filmar i løpet av festivalen. Med tanke på at desse filmane ikkje har fått vanleg premiere enno, tenkte eg at eg kunne liste opp filmane eg har sett og trekkje fram nokre eg særleg vil anbefale. (På lista er det 14, fordi den femtande var Bram Stoker's Dracula frå 1992.)


Filmar:

Crazy, Stupid, Love

Eldfjall: Nydeleg islandsk film om ein gammal vaktmeister som finn mest glede når han er ute og fiskar. Etter eit mislykka sjølvmordsforsøk og ei livsendrande hending, byrjar han å sjå på livet med nye auge. Filmen fokuserer på karakterane og er sterk og sår, men på ein roleg og nedtona måte.

En enkel till Antibes: Svensk og søtt om ein gammal mann som tar hoppet og skal prøve finne tilbake til ein tidleg flamme. Eg syntest slutten var litt i overkant enkel, men det er ein veldig fin og koseleg film (og så vert det alltid ekstra stas når produsenten, regissøren og hovudrolleinnehavarane sit i publikum).

Labrador

La guerre est déclarée (Declaration of War)

Les petits mouchoirs (Little White Lies)

Ma part du gâteau (My Piece of the Pie):
France prøver å ta livet sitt etter å ha mista jobben, men får ein ny sjanse når ho får jobb som hushjelp hjå ein rik forretningsmann i Paris. Dei to utviklar eit veldig nært forhold og byrjar lære av kvarandre, heilt til France får vite noko som endrar alt. Eg er usikker på slutten på denne òg, sjølv om eg skjøner kva dei ville oppnå, men det er ein god film om klasseforskjellar, den økonomiske situasjonen i Europa/verda, og kor langt ein er villig til å gå for pengar.

The Mill and the Cross

One Day

Oslo, 31. august:
Typisk norsk film i den grad at han er meir karakter- enn handlingsdrive. Eg vil ikkje seie for mykje om handlinga med fare for å avsløre for mykje, men me fylgjer hovudpersonen Anders, ein narkoman som har vore gjennom behandling for å verte rein, gjennom eit døgn i livet hans medan han blant anna oppsøker gamle vener og går på jobbintervju. Dette er ein film som sit i deg i mange timar (eller kanskje dagar, veker, månadar...) etterpå, og for meg (og sikkert mange andre) vart han veldig nær og sår fordi eg kjenner nokon som slit med rusproblem. Nydeleg filmteknikk og musikk, og med linjer som går rett til hjartet.

Pushwagner:
Det einaste problemet eg hadde med denne var at han slutta for fort. Filmen treng eg vel ikkje seie så mykje om? Dokumentar om Hariton Pushwagner (Terje Brofos) der filmskaparane har fylgd han gjennom tre og eit halvt år og har korta ned over 100 timar med materiale til ein film på ein og ein halv time. Diskusjonen/spørsmålet om kven som har kontroll vert leika med gjennom heile filmen på same måte som Pushwagner leikar med røyndsoppfatning, og det er ikkje alltid like lett å vite kven det er som faktisk har regien, men det er utruleg spanande å vere med på karusellen.

Sandheden om mænd:
Dansk og søtt om menn. Vil ikkje påstå at eg skjøner det motsette kjønn noko meir etter å ha sett filmen, men det var underhaldande, spesielt fordi filmen sin hovudperson er manusforfattar og difor stadig kommenterer filmklisjear og dramaturgioppbyggjing i handlinga. Var veldig deilig å kunne sjå denne blant alle dei dramatiske og vonde historiene som vart eksponert under festivalen.

Tysta leken:
Svensk og sterkt om fortid, notid og framtid, og korleis tilsynelatande totalt forskjellige menneske likevel kan finne saman. Tre kvinner har fått beskjed om at dei har arva huset til ei dame ingen av dei kjente, og dei møtest for å prøve finne ut kvifor dei har vorte ført i lag. Og meir enn det skal eg ikkje seie, anna enn dette: GÅ OG SJÅ DENNE FILMEN. Ver så snill, sjå han. Av alle filmane eg har sett i løpet av festivalen gjorde denne mest inntrykk, så berre gjer deg sjølv ei teneste og sjå han.


Kortfilmar:

Alien Repairguy:
Søt.

Helt Kongle:
Tankevekkjande.

Levis hest:
Sår.

Sult (2011):
Ok.

4 kommentarer:

  1. Hørres ut som du hadde det fint på filmfestivalen :)

    SvarSlett
  2. Ja, eg hadde det. :) Gav til og med klem til Mette på torsdag kveld.

    SvarSlett
  3. Det virker som nokre fine filmar. Eg ønskar at me var nærmare kvarandre sånn me kunne gjort slike ting saman.

    SvarSlett
  4. Same her. <3
    Ja, dei var det, utanom Labrador. Eller, Labrador var heilt grei, men vil definitivt ikkje anbefale han.

    SvarSlett