fredag 19. august 2011

Filmfestivalkjærleik


Eg veit ikkje kor mykje de får ut av det biletet her, men det er altså det som var igjen etter det to timar lange seminaret til manusforfattaren James V. Hart (som blant anna har skrive Bram Stoker's Dracula frå 1992 og August Rush frå 2007).

I desse dagar er det nemleg internasjonal filmfestival i Haugesund, og eg jobbar som frivillig. Noko av det beste med å vere frivillig er at festivalpasset har namnet mitt på, og så lenge eg ikkje er på jobb, har eg moglegheit til å få med meg så mange arrangement som eg vil/orkar. I dag har eg til dømes fyrst sett framsyning av Bram Stoker's Dracula med introduksjon av James, før eg gjekk på seminar og høyrte han snakke om korleis ein kan skrive manus, og kva prosess han sjølv går gjennom. Filmen han tok utgangspunkt i var overnemnte, sjølv om han faktisk ikkje hadde utvikla denne særskilte skriveteknikken før to år seinare. Ideen bak systemet hans fekk James då han var hjå legen og sjekka hjartet sitt. Medan han studerte hjarterytmen sin på monitoren, lurte han på korleis hjarterytmen hans såg ut medan han såg film (avhengig av handlinga), og om det var mogleg å strukturere eit manus/ein film ut i frå det.

Det var kanskje ikkje alt eg var hundre prosent einig i, men det var likevel utruleg fascinerande å høyre han snakke, og dei to timane flaug forbi. Det kjekkaste var moglegvis historiene han hadde å fortelje om Gary Oldman (som spelte Dracula); Gary verkar fantastisk.

Etter seminaret var over gjekk eg bort til James for å få programmet mitt (meir som eit førelesingsnotat) signert, og for å takke han for at han delte alt dette med oss, men før eg fekk takka han, takka han meg! Han sa at gjennom heile seminaret hadde han sett at eg sat og nikka og smilte, og det hadde vore skikkeleg oppmuntrande for han.

I kveld har eg sett filmen En enkel till Antibes som eg vil anbefale til alle, rett og slett. Fantastisk film! Og noko av det beste i verda er å sjå film på Filmfestival når ein har produsent, regissør og hovudrolleinnehavarane i publikum, fordi når filmen er over tar alle til å klappe og plutseleg går lyset på og alle har reist seg og gir ståande applaus, og dersom ein kikkar rundt finn ein både tidlegare medielærarar, ein ordførar med kone, skodespelarar og avismeldarar.

Eg elskar Filmfestivalen!

6 kommentarer:

  1. Filmfestival er kjempegøy. Ikke at jeg har vært på så altfor mange, men har vært med på noen hvor alle de involverte har vært med i salen og snakket om filmen først. Det er veldig interessant.

    SvarSlett
  2. Eg skulle ha vore med, men eg har jo vore på den med vidaregåande.

    SvarSlett
  3. Kathleen: Ja, det har vore tilfelle av det òg, og det er alltid utruleg interessant. Etter filmen Tysta leken sat produsent, regissør og eine skodespelaren igjen og hadde Q&A, og det var vedunderleg. Vil forresten anbefale den filmen til alle eg møter. (Har tenkt å skrive eit anbefalingsinnlegg når festivalen er over.)

    Elin Brit: Ja, det var det! :)

    Lene: Awh, ja, me pla alltid ha ein tur me òg. Yay for å gå medielinja på vidaregåande!

    SvarSlett
  4. Så kult at han la merke te deg! :D

    SvarSlett