tirsdag 16. august 2011

I dag/Today

I dag har eg site i ro medan alle andre har gått forbi. Har sett hundrevis av liv flyte forbi medan Joe Cocker har sunge at alle bør kome saman. Saman er me sterke, og så vidare. Eg håpar menneskeflokken høyrer på han, sauer har ein tendens til å dilte etter feil leiar.

I dag har eg site og sett på to gamle haugesundsbygg eg har snakka om heile sommaren. Dei eg har peika på der på svartkvittbiletet og fortalt turistane at ja, bygga står der enno, men all marka oppforbi er full av hus no, og det er jo berre hundre år sidan det biletet vart tatt.

I dag har eg gått frå jord til himmel til steinar til sukkerspinnskyer, og eg lurer på om eg skal starte mitt eige parti no som det nærmar seg val.

Presenting Føysepartiet: Alt me vil er å få føyser (disser/husker) i kvart nabolag, og at alle skal behandle kvarandre med kjærleik, respekt og toleranse. Og så hadde det vore fint med ein nasjonal cupcakedag.

4 kommentarer:

  1. Eg stemme på Føysepartiet! :D

    Og topp 3 lesarland etter Norge på bloggen min; USA, UK og Russland + mange andre land :P Eg vil ha flerre leserar/kommentarar, men eg e kje så flink t å lesa/kommentera på andre sin bloggar. Og sist eg prøvde å få flerre leserar, la eg ut bloggen på ei amerikansk bloggpingesida, også blei eg spamma deluxe + at bloggen brøyt sammen :P

    SvarSlett
  2. Woohoo! :D

    Eg har USA, Tyskland og Brasil(wtf?).
    Oi, haha! xD Kanskje ikkje så lurt å gjenta det. :P

    SvarSlett
  3. Fine ting.

    Eg har faktisk tenkt å skrive eit innlegg om tinga eg har gjort i dag, tilfeldig?

    Kor finne du ut av kor folka er frå?

    SvarSlett
  4. :)

    Oooh, kult.

    På Blogger kan ein gå til Oversikt og så er det noko som heiter Statistikk, og så på Publikum står det kor mange lesarar som kjem frå ulike land, og kva land dei kjem frå etc.

    SvarSlett