lørdag 17. september 2011

Precious possessions

Delvis inspirert av Ane og delvis av eige initiativ skriv eg dette innlegget dedikert til (nokre av) tinga mine som eg er mest glad i. Det handlar ikkje om materialisme, det handlar om minne. Det handlar om skrivemaskinar som seier *pling* når ein kjem til enden av linja og bøker som andre har elska før deg, lese før deg. Det handlar om klasseturen til Polen, Tsjekkia og Tyskland som du nesten ikkje hadde overlevd utan den eine læraren som du framleis kan kalle ein ven. Det handlar om å leve og finne slike ting som gjer livet litt betre, litt finare.


























17 kommentarer:

  1. Åh, så mye fint! Spesielt bøkene fra en svunnen tid. Og alt annet.
    Duken var så fin som bakgrunn, syns jeg :) Yay! <3

    SvarSlett
  2. Nøve: Of course, eg elskar den koppen! Bruker nesten ingen andre. :D <3

    Ane: Takk. <3 Ja, eg har kjøpt endå fleire bøker frå ei svunnen tid i dag, har vore på loppemarknad nemleg, og fann fleire ting inni bøkene (elskar når det ligg ting inni dei, eller nokon har markert i teksten). Tinga inkluderte to tikronerssedlar(!) frå 1976 og -77 (som ironisk nok låg inni ei utgåve av Hamsuns "Sult") og ein kvittering frå Sundt (kjøpesenter/varemagasin i Bergen) som er veldig gammal, men eg er litt usikker på dato, det ser nemleg ut som om det står 6/8-28, men det kan ikkje stemme fordi bygget var ferdig i 1938. Personen kjøpte i alle fall ein bluse til 49 kr. :)

    SvarSlett
  3. Ahw, så fint! Tror ikke folk skjønner at ting som det er verdt noe, rent fysisk, men også mentalt. Det er fint! Tenk om seksti-sytti år kan det hende våre bøker blir gitt videre. Jeg skal definitivt begynne å markere og legge ting som ikke virker så viktige idag inn i bøker som vil bety noe for andre om mange år. Selv paperbacks. Så fint!

    SvarSlett
  4. Og gjøre som Munne (mormoren min) som ba om at dagbøkene hennes ble brent da hun døde. Kanskje ikke alle, for noen kan jo være fine å lese gjennom, om man klarer å restrict oneself når det kommer til hverdagssinne og veldig personlige ting. Men om jeg noengang blir forelsket, eller om jeg skriver en bok, å ha dagbøkene for å huske og å gi til ungdom (barn, barnebarn, tantebarn?) som drømmer som jeg gjorde på den tiden. Y'know.

    SvarSlett
  5. Sult-boka er paperback. :D Eg kjem gjerne til å leggje ting inn i bøker seinare i livet, men allereie så skriv eg namnet mitt i alle bøkene mine samt at eg markerer fine passasjer og slikt, og det er òg veldig koseleg å sjå for seinare eigarar (eg synest i alle fall det, når andre har gjort det i bruktbøker eg kjøper). Biletet av boka med all skriblinga i er diktsamlinga av Victor Hugo, ho er full av notat frå ho som har hatt boka og det same gjeld det kortet eg har bilete av, så det verkar som om eigaren har skrive oppgåve om Hugo eller forska på han eller noko slikt, men eg veit ikkje kvifor ho skulle intervjue ei nonne. Utruleg kult og spanande, though. Framme i den eine boka eg kjøpte (trur det var Gulliver's Travels det òg) så stod det møtestad og klokkeslett for eit møte som fann stad for fleire tiår sidan. Tenk om det var nokon sitt fyrste stemnemøte, til dømes? Tenk så fint!

    SvarSlett
  6. Takk! Lurer på om eg skal lage eit eige innlegg dedikert til bøker, spesielt etter loppemarknadturen i går.

    SvarSlett
  7. Enig med Ane; duken va knallfin som bakgrunn! Nydelige ting o. :D

    SvarSlett
  8. "Framme i den eine boka eg kjøpte (trur det var Gulliver's Travels det òg) så stod det møtestad og klokkeslett for eit møte som fann stad for fleire tiår sidan. Tenk om det var nokon sitt fyrste stemnemøte, til dømes? Tenk så fint!" ÅH, det hadde vore kult, det! :D

    SvarSlett
  9. Hilður: Takk!
    Ja, ikkje sant?! :D Og vil du høyre kva som gjer det endå kulare? Med tanke på at utgåva av boka er frå 1960 så kan det vere at det er snakk om gamle Hotell Norge som vart rive på 60-talet!

    SvarSlett
  10. Så mange fine ting. Eg likar materiale ting <3

    SvarSlett
  11. Me too. Materielle ting med meining. :)

    SvarSlett
  12. glad i deg. du er en av mine favoritting <3

    SvarSlett
  13. Awh, takk likeså. Glad i deg òg. <3

    SvarSlett