tirsdag 25. oktober 2011

Fine ting på ein tysdag

Når du står og lagar middag og plutseleg byrjar å smile, eit slikt skikkeleg breitt smil som gjer godt heilt ned i magen, fordi du er i leilegheita di med nye glaskrukker frå Søstrene Grene som skal få ny te oppi seg som du kan røre rundt i med ei av dei nye skjeiene som du kjøpte åtte av, fordi du ville ha ei i kvar farge.




Når du går frå førelesinga og må stoppe opp og ta nokre bilete, fordi haustlyset er så nydeleg og alle fargane er slik som verda er i hovudet ditt.


Når du får invitasjon til ei bursdagsfeiring på fredag og du gler deg.

Då er det fint å leve.

Og på slike dagar er denne songen ekstra kjekk å høyre på med så høgt volum som mogleg:

7 kommentarer:

  1. Ja, hausten og livet er verkeleg herleg, Birte. Klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  2. Fin song, forresten :)

    SvarSlett
  3. Veit du kva? Eg kjøpar sånne skjeier når eg ser at dei er i ein farge eg ikkje har, difor har eg ein haug, untatt svart fordi den har eg 4 av.

    Det er for fint lys ute nå. Tar bilete nesten kvar morgon nå *hjartehjarte*

    SvarSlett
  4. Så fantastisk <3

    Og sangen er fantastisk, fy søren.

    SvarSlett
  5. Elin Brit: Fargane og lufta er magisk. :)

    Lene: Ja, eg hugsar det frå i sommar då me var på Søstrene Grene i lag i Stavanger. :) Eg har berre dei åtte så langt, men kjem gjerne til å utvide samlinga eg òg etter kvart.

    Awh, så koseleg! <3

    Ane: Mmm, ja. <3

    Florence ftw!

    SvarSlett
  6. Høres fantastisk ut!

    SvarSlett