lørdag 3. desember 2011

Og framleis skal eg kjempe

Eg kjempar mot desse veggane du byggjer opp rundt meg. Kloremerke i tapetet, stumme skrik, tørre tårer på eit støvlagt golv. Der skriv eg dagboka mi. 22. året og eg er her framleis. Neglene mine har du rive ut, men eg skriv likevel, skriv til eg kan dikte opp ein utgang. Snart kjem du til å kutte av fingrane mine, men då skal eg skrive med tærne, fotsolen, brystene, nasen... Du kan gjere kva du vil med meg, men eg skal halde fram med å skrive. Eg skal banke på veggane og skrike og skrive til det ikkje finst meir av meg enn desse orda eg består av:
Håp og kjærleik

Og framleis skal eg kjempe.

2 kommentarer: