mandag 28. november 2011

Pappaen min

Det finst nokre menneske som er så stor del av livet mitt at eg kjem ikkje på å skrive om dei, på ein måte. Det er som når eg ikkje klarer å sjå for meg ansiktet til nokon eg har kjent heile livet, fordi dei er så mykje meir enn det ansiktet, dei er alle gongene me har vore i lag og alle dei minna og klemmane og samtalane og køyreturane og alt slikt som gjer dei til den spesielle personen dei er for meg.

Så i dag, i dag vil eg fortelje om pappaen min.


Pappaen min er høg og sterk og litt av ein altmoglegmann. Han har fagbrev som både elektrikar og prosessoperatør, men han er òg (blant anna) ein flink mekanikar, snikkar og malar, og så har han ei kjempefin handskrift som eg synest er noko av det beste fordi det balanserer alt så fint.



Pappaen min kjem frå Etne og på grunn av det hadde eg o-endingar på mange ord då eg var liten (gjer det framleis i blant), noko eg vart erta for av klassekameratane mine, men i retrospekt synest eg det er ganske kult at eg tok etter dialekta hans slik.



Pappaen min elskar det meste som er motorisert og kan køyrast, og han kan kome fram til kva år noko skjedde ut i frå kva bil han og/eller familien hadde.



Pappaen min lyser ekstra mykje opp når han har to små rundt seg som kallar han Besten, og i februar vert han Besten for tredje gong, fordi då skal den andre storebroren min og forloveden hans få sitt fyrste barn.



Pappaen min elskar film og musikk og samlar på mykje (det er nok han eg har det frå), og når ein ny animasjonsfilm har premiere på kino, plar me gå og sjå han saman, fordi pappaen min har tatt vare på det barnlege i seg. Og om mamma vert med òg så plar ho sovne etter ei stund, medan pappa og eg sit og ler og sukkar kjærleg av mammaen min.


Når pappaen min nys eller snorkar så kan det høyrast i heile huset, og då han var i militæret vart han fortalt av ein teltkamerat at det er greitt at han køyrer motorsykkel når han søv, men det hadde vore fint om han kunne ha skifta gir i blant.


Pappaen min går gjerne helst i klede han kan jobbe i, men når han tar på seg dress og er nybarbert med aftershave, så er han den beste å klemme.



Pappaen min likar å fortelje historier og etter mitt hovud og hjarte er det slik fedre skal vere, fulle av korte og lange historier om liva deira eller liva til nokon andre. Og det kan vere dei har fortalt dei så mange gonger at me kan dei minst like godt som dei kan dei sjølv, men det gjer ingenting så lenge auga framleis lyser like sterkt når dei har alle si merksemd. Ein av dei beste historiene å høyre pappaen min fortelje er korleis han og mamma møtte kvarandre.



Pappaen min seier ikkje alltid så mykje, han er sannsynlegvis ein introvert slik som meg, men sjølv om han ikkje seier så mykje så veit eg at han forstår, fordi me er ganske like me to, og når han seier at han er glad i meg så tyder det alltid litt meir.


15 kommentarer:

  1. Åh, for eit herlig innlegg, Birte! Du har ein fantastisk pappa, e kje akkurat vanskelig å sjå kor du tar ting frå, for du e lika fantastisk sjøl.:)

    SvarSlett
  2. ååh så fint! :D Du er heldig som har en så god pappa.

    SvarSlett
  3. Så rart, eg kommenterte i 6-tido på mobilen, og så forsvant bare kommentaren. Mystifistisk.

    Men for eit herlig innlegg, Bierre! E kje vanskelig å sjå kor du hente ting frå, for du e lika fantastisk som pappaen din. :)

    SvarSlett
  4. Guro: Veldig heldig. :)

    Hilður: Eg har fått begge kommentarane dine på mail, men den fyrste viser ikkje her, så ja, det var veldig mystifistisk.

    Awh, tusen takk. :)

    SvarSlett
  5. Slike pappaer er fine å ha.

    Blei du erta for o-ane dine? frekt. dei er jo tøffe :p

    Eit annan fint Etne-ord: Hisio (trur eg det skrivast), veit du kva det betyr?

    SvarSlett
  6. Ja. <3

    Ja, vart det, fordi der i traktene skulle det helst vere -a eller -å.

    Veit kva det tyder, men veit ikkje heilt korleis eg skal forklare det. Den andre sida, på eit vis?

    SvarSlett
  7. Så fiiint! Mye av det samme er sånt jeg tenker om pappa, men som jeg ikke egentlig har TENKT på før. Så fiiin tekst!

    SvarSlett
  8. Takk for det. Gode pappaer er noko av det beste som finst. :)

    SvarSlett
  9. Så fint, Birte. Fedre er fine mennesker. <3

    SvarSlett