tirsdag 31. januar 2012

We'll Take Manhattan

I dag vil eg fortelje om ein film. Ein film om foto og mote og kjærleik og håp og draumar og om å revolusjonere ei verd som hadde behov for å opne seg, opne seg opp for det nye, det vakre, det som var fritt og som levde etter eigne reglar, som ville - meir enn noko anna - å representere livsglede.






Dette er ein film basert på ei sann historie. Ein film med søkande hender, søkande kameralinser og søkande hjarte.




Det er ikkje alltid så lett å vite kvar ein skal i denne verda, men det er veldig lett å føle seg liten, som om ein ikkje er så viktig, som om ein ikkje har noko å bidra med. Difor treng ein filmar som denne, fordi den minnar deg på at du er viktig. Du er så inderleg, utruleg viktig, fordi du er den einaste personen i verda som er akkurat som deg.



Så ver så snill: Ikkje gi opp. Gå etter den draumen. Og om den draumen ikkje går i oppfylling, så finn ein ny draum. Kanskje draumen du trudde du hadde ikkje er den draumen du framleis har når det har gått litt tid. Berre hugs å ha håp.

Og ha kjærleik. Alltid ha kjærleik.

8 kommentarer:

  1. Høres ut som en film med et bra budskap!

    SvarSlett
    Svar
    1. Filmen byrja med ein liten tekst om at året var 1962 og at ingen visste kven Beatles var. <3

      Slett
  2. Heter filmen "We'll Take Manhatten"? :)

    SvarSlett
  3. Likar filmar med bra bodskap.

    Burde sjekke den ut :)

    SvarSlett