søndag 5. februar 2012

Du og eg.

Det finst berre to menneske i denne verda, og det er du og eg. Du. Og eg. Me skal finne saman ein gong, men i dag dansar me åleine, kvar for oss, i kvar vår bydel på kvart vårt kjøken, medan me drikk kvitvin og drøymer om kor fint alt skal verte når me vert to. Me skal le då, og sjå filmar i lag, og det vert oppfordra til å kommentere det som skjer, fordi me kan det då, me har nokon å kommentere til utanom rommet og sofaen og stilla.


Men ikkje i dag. I dag drikk me kvitvin og dansar åleine medan middagen brenn seg, og eg lurer på om du har brunne middagen din du òg. Prøver å kjenne etter om eg kan lukte eit hint av svidd tomatsaus frå der du er, men eg luktar ingenting utanom det vanlege, berre støv og gråe skyer. Fordi gråe skyer luktar annleis enn dei kvite og dei rosa. Dei grå luktar av einsemd.

Kjenner du det du òg? Skulle du òg lage lasagne til middag i dag? Oppskrifta var til seks personar og eg var aldri særleg flink med tal, så eg klarte ikkje gjere ho mindre. Kanskje du vil ha litt? Kanskje eg skal fryse ned restane og så kan me ete i lag når me finn kvarandre? Då skal me skåle og le og sjå film og kommentere og kysse og klemme og ha nokon å halde rundt når me søv og få hjelp til oppvasken. Fordi det går så mykje fortare når me er to, veit du. Då følest ikkje verda så skummel lenger.


Så eg håpar du finst der ute, ein stad. I bydelen din med eit glas kvitvin og eit einsamt hjarte. Eg håpar du vil danse med meg ein dag, når me finn kvarandre.

Eg håpar me finn kvarandre.

3 kommentarer: