onsdag 15. februar 2012

Evig forelska. Igjen.

Eg trur eg er forelska. Forelska i ei rekkje forførande ord som tar handa mi, tar hjartet mitt, og hoppar salto. Ord som tar meg med kvar enn dei vil, eg er slaven deira og eg vil så inderleg fylgje resonnementa i vinden og desse oppramsingane utan separasjon.




Eg er forelska og eg møtte ho heilt tilfeldig. Skulle berre kjøpe nokre flagg til Nøve si kake, men plutseleg var ho der, denne boka i raudt og kvitt omringa av kommersielt masseprodusert kvalme som eg såg og tenkte at om eg noko gong får ein som vert verande, så håpar eg han kjenner meg godt nok til å heller kjøpe ein DVD.




Men der var ho altså, dette vindkastet, og eg vart med medan resten av verda sov, eg heldt meg vaken og vandra på nye, uopptråkka stiar og no er eg forelska. Evig forelska. Igjen.

Boka heiter Imot kunsten og er skrive av Tomas Espedal.

10 kommentarer:

  1. Espedal er jo nydelig. og veldig rar og søt som person. det fineste med han er at han tenker som han skriver! tenk det! jeg tok med imot naturen over havet, og drar den frem når jeg ikke orker mer slitsomme engelske ord jeg må jobbe med hele tiden, men bare forvinne inn i hans fine norske setninger :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååh, ja, eg trur du snakka om han/litteraturen hans til meg?
      Det høyrest flott ut. <3

      Slett
    2. mhm jeg hadde jo forelesning med han, helt nydelig rar fyr. tenker ofte at mye av tekstene hans kunne blitt godt teater, håper noen tør prøve engang.

      Slett
    3. Ja, var det eg trudde! Ååh, magisk.

      Slett
  2. Den er så fin! Espedal er fin. Ååååh <3 Jeg snakket med han da han signerte min utgave av Imot Kunsten i Odda. Han sa at jeg aldri måtte gi opp. Bare skrive, skrive, skrive.

    SvarSlett
  3. Jeg har plutselig begynt å sette klammer når jeg leser noe fint i bøker!

    SvarSlett
    Svar
    1. Awh, ja, det er kjekt å gjere, eg har gjort det i mange år no. Likar å tenkje at om mange år, når eg er død og bøkene mine har vorte gitt bort eller arva, så kjem nokon til å lese dei og sjå merka mine, kva eg har likt spesielt godt, og kanskje lærer personen meir om meg, eller meir om seg sjølv, eller meir om menneske generelt. I don't know. Det er ein fin ting, i alle fall.

      Slett