søndag 5. februar 2012

Hei

Det har vore tårer.

Veldig mange tårer.

Eg har sett på episodar av Gilmore Girls fordi det er den beste serien å sjå om igjen, og frå i går kveld til i dag hadde eg besøk av ei veninne som har bursdag dagen etter meg og som eg møtte for fyrste gong rett etter me hadde kome til verda og heldt til på same sjukehus i lag med mødrene våre. Eg laga middag til oss begge og brann meg på høgre langfinger og venstre underarm, og så såg me filmar og gav kvarandre klemmer og snakka til me sovna.

Eg har kjøpt to nye skjeier på Søstrene Grene og eg har byta sengtøy til eit av dei nye setta eg kjøpte på Kid då eg var heime sist helg. Eg har sett inn i klesskapet mitt og putta klede som eg skal gi til Fretex i ein pose, og eg har gitt gamle vinglas til veninna som var på besøk. Eg har funne ut at eg vil ikkje ta med Ikeaserviset når eg flyttar, eg vil ha lyse tallerknar som sola kan skine på og som gjerne har blomemotiv rundt kanten, og det mørke Ikeaserviset representerer meg ikkje lenger. Og så har eg tenkt på kjærleiksfilmen min, at eg framleis treng ein dansar og at eg må filme pappa når han knyter slips.

14 kommentarer:

  1. vi burde gå på maritabutikken og kjøpe blomsterservise til deg en dag.

    SvarSlett
  2. sender deg en *klem*, jeg. Har du lyst på et postkort, forresten? Jeg har blitt med på A Month of Letters (lettermo.com, veldig kjekt!), og har et par ledige dager :) Var det 315 du var på? Resten av adressa kan jeg nok - been there, done that.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, kjære. <3 Eg vil veldig gjerne ha eit postkort! 315, ja. :)

      Slett
  3. Ahw, jeg liker så godt når andre også føler at ting representerer de. Utover klær og stil og sånne ting.

    Love you <3 (And I'm here.)

    SvarSlett
  4. <3

    Så rart at du skal flytte ut om ikke så altfor lenge. Det virker plutselig som en evighet siden at vi begge skulle begynne på UiB og møttes for første gang på Sydneshaugen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er veldig rart! Eg synest desse åra har gått veldig fort, samtidig som det følest eviglenge sidan den dagen. Sannsynlegvis fordi det har skjedd så mykje blant alle timane og eksamenane og alle bøkene og personane og koppane med te. Håpar eg får mange fine stunder med deg før eg/me drar vidare, kvar enn eg/me skal. Og fleire fine stunder etter det òg. <3

      Slett
  5. Gilmore Girls er fint når ein treng ein reparerande serie. Håper det går betre no <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig fint. <3
      Takk, det går betre. I dag har eg gråte så mykje at eg har vondt i hovudet, men det var på grunn av ein film.

      Slett
  6. det er faktisk sant, gilmore girls er den beste serien å se om igjen. du skriver veldig pent.

    SvarSlett
  7. gilmore girls <3 og virker som om du har gjort mye bra i det siste. jeg feks kommer aldri lengre enn å plukke ut klærne jeg skal gi til fretex. å faktisk levere dem skjer jo aldri...

    sv: jeg og, men den serien er faktisk bra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje levert posen enno, men på veg til Sparbutikken her (som er den nærmaste butikken, og som det tar rundt fem minutt å gå til) så finst det ein kontainerstasjon der det blant anna står ein boks/kontainer der ein kan levere klede og sko til Fretex, noko som gjer heile prosessen litt lettare.

      Slett