onsdag 29. februar 2012

I hovudet mitt

I hovudet mitt finst det nål og tråd som prøver å sy saman gamle minne og framtidshåp, difor er det vanskeleg å leve i augeblikket. I blant stikk nålene meg frå innsida og ut, som når nokon rundt meg sit og trommar med fingrane sine på bordflata eller plystrar på noko ugjenkjenneleg.

I hovudet mitt finst det mange menneske, dei sit på nålene som dei arbeidarane som har lunsjpause på det biletet alle har sett, og nokre gonger tar dei sats og hoppar frå nålene som om dei var springbrett medan eg vert sitjande med hendene langs sida og hovudet på fanget. Og for det meste saknar eg og lengtar og elskar, og det eg vil mest av alt er å klemme og kysse deg, kysse dykk alle saman.

I hovudet mitt finst det strikkar som drar i kvar si retning, slike tjukke, gamle strikkar som ein har rundt matpakka for at papiret ikkje skal fly bort, eller slike som er langs kanten på noregsglasa slik at syltetøyet held seg over vinteren. Desse strikkane skaper spenning, skaper motstand, fordi den eine sida vil eg skal vere trygg og farefri medan den andre vil eg skal vere vågal og gjere slikt som eg eigentleg vil, slike ynskje som ligg lagra heilt inst i dei mørkaste romma i hjartet og blodårene og kneskålene mine, og det kan vere ganske slitsamt å skulle tilfredsstille begge sidene på same tid, det er rett og slett umogleg og fører til at eg heller vert stilleståande, men korleis skal eg då kome meg vidare?

I hovudet mitt finst det så mykje eg ikkje forstår meg på og så mange kjensler og gamle og nye samanhengar, og då er det ikkje alltid at nål og tråd er nok, eg treng noko meir, eg må berre finne ut kva det er. Så i mellomtida sit eg i midten av eit stort lappeteppe og leitar etter svar.

2 kommentarer:

  1. åh. i sommer skal jeg ta deg med ut i en park,helst frognerparken for da kan vi gå i teaterteltet å se barneteater, etter det skal jeg plasere deg på et teppe i gresset, dra frem hvitvin, jordbær og gaffateip. Så skal vi le, synge og gaffe hodet ditt. sistnevnte høres kanskje ikke så fint ut, men gaffa funker på alt! spesielt når nål og tråd ikke strekker til. og smil. og latter. og rødt sjerf som ser ut som blod under vann. jeg savner deg! <3

    SvarSlett
    Svar
    1. That'd be wonderful. <3
      Saknar deg òg!

      Slett