lørdag 18. februar 2012

Om å dirigere vinden

Då eg var liten stod eg på høge fjelltoppar og steinete kaiar og kommanderte naturkreftene til å oppføre seg slik eg ville. Det var i alle fall det eg innbilte meg. Eg heldt hendene ut framfor meg slik fiolinlæraren min pla gjere og så dirigerte eg vinden og havet slik han dirigerte orkesteret.


Eg veit at eg ikkje har krefter til å styre vinden og havet, men eg likte ideen og eventyra eg dikta opp medan eg stod ytst på kanten. Og no som eg snart står på kanten igjen så føler eg meg litt fortapt, fordi det er ingenting rundt meg utanom eit stort og overdøyvande uvisse og eg liker å føle meg trygg. Eg treng ikkje ha fullstendig kontroll over alt, men eg treng å føle ei indre ro for å fungere og den roa har eg vanskeleg for å finne these days.

8 kommentarer:

  1. Mange slike barndomsillusjonar er fine å tenkje tilbake på. Som dei hemmelege paradisa ein hadde, for eksempel. Eit litt gjengrodd område på tomta vår var for meg ein eksotisk jungel, og eg gret når det vart omgjort til blomsterbed. Rart å tenkje på, skulle ønske eg kunne sjå det eg såg då igjen.

    Den indre roa er viktig og god å ha. Håper du finn den lettare snart <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er magiske minne. Eg hadde òg (blant anna) ei trerot i skogen som eg pla leike var ein elefant, men den tok eine storebroren min og eine syskenbarnet mitt og øydela etter eg hadde fortalt om ho. Då gret eg òg.

      Takk, det håpar eg òg. <3

      Slett
  2. ååå, når du sier det, så husker jeg at jeg pleide å gjøre det!

    SvarSlett
  3. Du er magisk og kjempeflink <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, kjære, det er du òg. <3

      Slett
  4. Håper roen kommer snart! I mellomtiden får du heller være litt på kanten..? :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. <3
      Haha, ja, kan vere gøy å vere litt på kanten òg.

      Slett