fredag 24. februar 2012

Takk

Bilete av Charlotte

Det er ikkje all musikk du høyrer på i oppveksten som vert verande med deg. Det kan vere morosamt å høyre på Dr. Bombay og mimre tilbake til problemfrie dagar på SFO, men det er ikkje noko du vanlegvis lyttar til. Men så finst den musikken som vert med på å forme deg, som vert ein så stor del av deg at du hugsar tekstane same kor lenge det er sidan du sist høyrde songane og du vert gjennomsyra av kjærleik. Rein kjærleik.

Eg har elska Kaizers Orchestra sidan det fyrste albumet kom ut for elleve år sidan, men eg hadde ikkje sett dei live før i går kveld i Peer Gynt-salen som er del av Grieghallen her i Bergen. Eg hadde berre sove tre timar natta før, eg var kvalm og var redd eg kom til å besvime og oppvarmingsbandet hjelpte ikkje, tida gjekk seint og eg lengta etter vatn. Men så skjedde det noko, Kaizers kom på scenen og alle plagene forsvann. Eg trossa halsen, som eigentleg var for tørr til å syngje, med å syngje til (nesten) alle songane som vart framført i løpet av den over to timar lange konserten. Eg vrikka på hoftene og rumpa. Eg hoppa opp og ned, noko eg ikkje har gjort sidan eg såg Arcade Fire live på Hovefestivalen i 2007 då heile publikumsmassen hoppa i fellesskap. Eg gav klemmer til Charlotte og smilte. Eg smilte stort sett i over to timar. Eg smiler framleis.

Etter konserten var over var eg sveitt og lukkeleg (du treng ikkje trene når du kan gå på Kaizerskonsert). Eg var glad for å ha gleda Kjersti med å ringje henne under Hjerteknuser og Die Polizei, og eg kjøpte ei t-skjorte som eg vurderer å bruke på laurdag når eg skal sjå Knut Nærum live for fyrste gong. (Det er visst ein del firsts denne veka, på tysdag fekk eg mitt tredje tantebarn, det fyrste barnet til min nest-eldste storebror og forloveden hans.)

Eg føler meg takknemleg i dette augeblikket, for kunst og kjærleik og ein jævlig sexy vokalist. For ei songverd ulik noko anna og for ein menneskemasse som syng i kor.

Takk.

"Inni helvete for ein stemning her i Bergen!"
- Janove Ottesen

15 kommentarer:

  1. ååååååååååååååååå jeg skulle ønske jeg skulle se kaizers live i oslo om akkurat en uke, for det er bursdagen min og herregud det ville vært fantastisk, men det finnes ingen ledige billetter. heldigvis skal jeg se katzenjammer dagen etter med pappa. så jeg holder (kanskje) ut.

    du ga meg et minne for livet da du ringte. takk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Awh, men Katzenjammer vert flott det òg!

      I'm glad. <3 Og takk, til kommentaren under. :D

      Slett
  2. og HALLO, sexy, jeg så nettopp bildene av det du gikk med.

    SvarSlett
  3. Åh, heldig! Fin erstatning for konsert å få eit slikt referat og tenke seg til korleis konserten var. Kaizers er for meg dei to første åra av vidaregåande. Gå tilbake til hybelen om kvelden (under stjernen) og høyre die polizei, min kvite russer eller under månen, eller slå på p3 akkurat når prosessen byrja. Fine minne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Mmm, ja, Kaizers er i størst grad slutten av ungdomsskulen og byrjinga av vidaregåande for meg, å vere moderator på NRK Backstage-sida og møte menneske for fyrste gong.
      Ååh, ja, dei songane er fantastiske. Dei song òg Fra sjåfør til passasjer i går kveld, då vart eg umåteleg glad.

      Slett
  4. Så deilig! Kaizers er og blir FANTASTISK bra live, har aldri blitt skuffet på konsert med dem (og jeg begynner å ha en del konserter under beltet..!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mmm, ja. Eg trur Susanne Sundfør er den eg har sett mest live, hennar show er ikkje så lette å samanlikne med Kaizers sine/sitt. Fantastisk stemning på hennar konsertar òg, berre veldig annleis. Skal definitivt sjå Kaizers igjen når tida og økonomien klaffar. :)

      Slett
  5. Så kjekt å ha slike opplevelsar :D

    SvarSlett
  6. Så kjekt! ^^ Huske når du ringte meg under en Anastacia konsert for mange år siden :D hehe

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, ja, det var tider! Ungdomsskulen ftw. :P

      Slett
  7. Fantastisk! Har aldri høyrt dei live, men kunne godt tenkt meg det. Kjekt å høyra at du har gode opplevingar :) Klem frå meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var heilt utruleg bra!
      Klem tilbake

      Slett
  8. Blir glad bare av å lese dette! Kaizerslove <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Awh, så bra!
      Jaaa, Kaizerslove! <3

      Slett