torsdag 19. april 2012

Du er så utruleg vakker

"Du er så vakker når du græt i sollyset." Det var det han pla seie til henne når ho låg under han og hadde vansker for å puste. "Du er så utruleg vakker."

Etter han forsvann var ho alltid på utkikk etter menn med skjegg og skarpe kantar, slike som kasta vonde ord i ansiktet hennar, fordi for henne føltest dei som mjuke kjærteikn. Sjølv i eit forhold der ho så vidt fekk vere med ut om ho klamra seg til undersida av skosolen hans, følte ho seg meir elska enn han som fekk henne til å miste pusten.

Ho leita etter andedraget sitt i fleire år. Ho pla grave med fingrane i bed til framande fram til ho blødde frå naglebanda - og så grov ho litt til - fordi ho likte korleis den våte, oppsmuldra jorda blanda seg med det raude og klissete som ho aldri forstod seg på, og ho likte korleis det svei.

Eg møtte henne ein dag ho låg på kne i eit mylder av knust glas og småstein lagt igjen av konsekvensunnvikande menneske på jakt etter ei svart natt med ein svart katt. Blikket hennar var tomt. Eg tok henne med meg heim, prøvde å få i henne noko mat, men ho nekta å ete. Det var ikkje før eg sat tallerkenen på golvet at ho ville nærme seg han.

Det var inga ord å få ut av henne, eg trur ho mista dei langs vegen ein stad, og ho reagerte berre om eg plystra på henne eller klappa henne på hovudet.

No får ho kvart måltid servert på det området på golvet som er reservert for henne, og om natta søv ho i ei korg ved sida av senga mi. Ein gammal ven av meg seier eg bør sende henne til legen, at det er ikkje sunt det me held på med, men eg har aldri før følt meg så elska.

6 kommentarer:

  1. anisfrøene jeg ga deg.

    vond tekst.

    og syk.

    og vakker.

    SvarSlett
  2. Åh, jeg elsket denne teksten. Og jeg tro jeg forsto den, på en måte. Og kunne relatere. På en måte. Ja.

    SvarSlett
  3. Du er så flink.

    SvarSlett