mandag 31. januar 2011

Day VIII


8. Eit outfitbilete.

Eg er ikkje heilt i form i dag, så eg legg heller ut eit bilete av bursdagsantrekket:

søndag 30. januar 2011

Day VII


7. 5 ting du elska då du var yngre. (Eg elskar eigentleg alt dette framleis.)


1. Bamse - Verdens sterkeste bjørn, og spesielt Skallmann. Skallmann er min helt.





2. Klatre i tre/leike ute (med Jon, for det meste)




3. Lego/Playmo




4. Mummidalen




5. Tintin


lørdag 29. januar 2011

Day VI

6. 10 ting du vil gjere før du døyr.

1. Bu i England/på Isle of Wight.
2. Drive kafé (i lag med Val... og andre?)
3. Finne ein som elskar meg like mykje som eg elskar han.
4. Ha ein bustad med vindeltrapp.
5. Ha eit yrke eg likar.
6. Hoppe i fallskjerm.
7. Kunne vakne opp ein morgon når eg er 70-/80-ish og tenkje at eg verkeleg har levd eit fint liv, og vere takknemleg for alt som har skjedd, både på godt og vondt.
8. Lese alle bøkene eg eig/kjem til å eige.
9. Møte (kjente) menneske eg elskar/ser opp til.
10. Reise verda rundt.

fredag 28. januar 2011

Day V


5. Yndlingssongen din for tida.

Vel, eg har vore ganske hekta på Florence + The Machine i det siste, og fyrst var det Cosmic Love som var det store, men konserten som låg ute på nettet etter ho hadde opptrådd på Late Show with David Letterman gjorde at Dog Days Are Over tok overhand. I alle fall i den versjonen, med den herlege energien både frå Florence, bandet og publikum. Det beste er forresten å høyre han med så høgt volum som mogleg. Eg lover, du kjem til å kjenne kribling i heile kroppen:

torsdag 27. januar 2011

Day IV

4. 10 ting som er superfint hjå det motsette kjønn.

1. Auga.
2. Fin personlegdom.
3. God folkeskikk. (Folkeskikk er sexy!)
4. Hendene.
5. Håret.
6. Kor nydelege dei er i dress.
7. Latteren.
8. Ryggen/skuldrene.
9. Smilet.
10. Å sitje inntil han og stole på han med livet mitt.