torsdag 20. desember 2007

Eg er trist...

... difor skal eg lage hausttakkefesttakkeliste. Det vil nok hjelpe.

Alfabetisk så er eg takknemleg for:
Baking.
Barna mine.
Brev.
Café Moody.
Ektemannen min, Hercule Poirot.
Filmfestivalpublikum.
Fransk.
Frost.
Gode filmar.
Gåver med sjel.
Herlege lærarar (Ragnhild x 2 + Sveinbjørn + Våga = *hjarte*).
Iskaldt vatn.
Kafébesøk.
Klemmar.
Konsertar der alle i publikum syng med på refrenget.
Kunstnarar (artistar, fotografar, malarar, skodespelarar, skulptørar...).
Litteratur.
Musserande vin.
Mørk sjokolade (70 %+).
Pen musikk, musikk som fører meg til ei anna verd.
Samtalar som varer i fleire timar utan at nokon tenkjer over at tida passerer (har ein fin tendens til å skje på Moody).
Snø.
Soloppgang/solnedgang.
Solskin.
Stearinlys.
Stjerner.
Teater.
Venene mine, spesielt Butterscotchbunny og Fie.

9 kommentarer:

  1. Blir du litt gladare viss det kjeme snø?

    SvarSlett
  2. E kje eg på listo, forresten? Hæhæ??

    Kødda :p

    SvarSlett
  3. Du er inkludert i kafébesøk, solskin og vener. :)

    Og ja, snø hadde hjelpt, men det er fint med berre frost òg.

    SvarSlett
  4. Åja :p Då så.

    *Knis* solskinn xD

    Mja, det va jo frost i dagmorges då! :D

    Kjipt at det ikkje har vore skikkelig med snø på julafto siden 1996. :/

    Lura på om eg blir nøydd for å leiga meg ein snømaskin frå Røldal.

    SvarSlett
  5. Smilet ditt er jo som solstråler!

    Ja, mykje frost, ikkje berre om morgonen, men heile dagen. Nydeleg. :)

    Ja, I know. =/ Skal me skulde på syskenbarnet mitt som vart fødd 27. november same år? Sikkert hennar feil. :O

    Kanskje det, kanskje? Kan eg låne han litt då?

    SvarSlett
  6. Eg har gløymt mykje då, føler eg...

    SvarSlett
  7. Snålt!! <3
    Apropos snø: Det va falske snø på ballet vårt aka skum.. xD Ja då blei ann Johan redde for håret sitt..! HAHA!
    Bra lista, likte iskaldt vatten =D

    SvarSlett
  8. Bra du likte ho. :) Du òg er inkludert på solskin og vener.

    SvarSlett