tirsdag 18. mars 2008

Gravferd

I natt hadde eg ein av dei mest fascinerande draumane eg nokosinne har hatt, og alt skjedde i løpet av tjue minutt i søvnverda. Det byrja med at eg hadde samtale med Jon (lifelong kamerat) på eit MSN-liknande program. Så tok han på webcam fordi han ville vise meg huset sitt. Eg hugsar ikkje landet han budde i, men det var eit austeuropeisk eit. Bulgaria eller Romania eller noko slikt. Han viste meg huset og det var eit nydeleg, stort hus med balkongar og søyler. Det var kvitt med mørkt tak. Bak det var det ein eventyraktig skog og fram forbi var det ein stor plen.

Så var han på skulen og det var time. Læraren var ei vakker kvinne, ho minna litt om ein krysning av ho eg hadde som lærar i 1.-4. og ho som me har i norsk no. Jon skulle tulle med henne og då ho trong noko å skrive med, gav han henne ein penn med ein plastbamse på toppen, i staden for ein av dei to blyantane han hadde bak øyrene. Ho prata vidare og sa at ho ville ikkje bruke den pennen, fordi blekket i den lukta tunfisk. Ho fekk ein ny penn, lik den gamle, berre at denne bamsen var blå, ikkje rosa (som den andre hadde vore). Og då ho skreiv så lukta det, naturleg nok, tunfisk.

Eg dukka opp i klasserommet under denne seansen og vart med Jon ut i gangen og ned trappa, der eg stoppa og sat meg ned fordi det sat ei jente der som såg så skrekkeleg trist ut. Jon sa me måtte gå heim slik at faren hans ikkje vart redd. Faren hans var ein veldig viktig mann. Då me gjekk bortover noko som minna mest om eit svært torg, var det to andre der, den eine var Roger, ein eg gjekk i klasse med frå 1.-10. Me måtte gå igjennom nokre store bogar, det var tre murar som var fulle av slike bogar, og over alt krydde det av politimenn og vaktar. Dei var skumle, men Jon sa at om me berre gjekk rett fram så kom det til å gå bra.

Etter å ha gått igjennom boge nummer to, var det enno fleire politimenn og vaktar rundt om kring, og me vart leia inn i noko som skulle førestille ei kyrkje der det var gravferd, men me visste ikkje kven som var død. Eg hadde ei dårleg kjensle. Med eitt var Renate der, ein annan person eg har gått i klasse med og kjent lenge, i tillegg til Tone, ei som eg møtte då eg byrja på Vardafjell som er ei veninne av blant anna Hilde og Siri. Det var fullt i det som skulle vere kyrkja, så me måtte sitje i midtgangen. Renate byrja heile tida å le, og både eg og Tone hysja på henne og sa ho måtte skjerpe seg, men det nytta ikkje. Framme byrja gudstenesta, eller skal eg heller seie showet? Det spratt fram vesen i fargerike draktar og dansa og song, og eg tenkte at ein slik gravferd ville eg òg ha. Bak oss kom det òg ulike vesen, og me måtte hoppe frå den eine sida til den andre for at dei ikkje skulle gå opp på oss. På eit punkt kom det svære elefantar, og etterpå marsjerte det inn nokre skremmande skapningar som fekk heile salen til å hyle av redsel, men då dei heiv av seg draktane sine, såg me at det var folk me kjente, eller som i alle fall eg kjente. Den eine var den eine onkelen min, betre kjent som "farbror", og eg vinka opp til han og smilte. Han såg strengt på meg og rista på hovudet og signaliserte med hendene sine at eg skulle halde kjeft. Eg skulle jo ikkje vere der. Korleis kom eg meg i det heile tatt bort dit?

Så vakna eg.

5 kommentarer:

  1. AHAHAHAHHAHAHAHAHAHAHAHAHA!!!!
    Tunfisk-blekk!? xD
    For ein sjuk drøm...! :P

    SvarSlett
  2. Rare drømmar du har, rare, men fascinerande :)

    SvarSlett
  3. Ja, tunfiskblekk. D'oh lZm.

    SvarSlett
  4. jeg drømmer sånn hver natt, jeg :P

    SvarSlett