mandag 26. mai 2008

Dazzle the world - be yourself

Hugsar du då du var liten, då foreldra dine drog deg med i kyrkja fordi dei ville gjera foreldra sine stolte som ville gjere foreldra sine stolte som ville..? Etter ei stund klarte du ikkje sitje i ro lenger, så dei gav deg noko for å halde deg opptatt, og stille. Eller kanskje du var med då dei eldre syskna dine, eller nokon kjente, skulle opptre og sjølv om du likte musikk, vart det skrekkeleg keisamt med all den hornblåsinga. Eller kanskje du var med på teater. Ærleg talt, sitje i ro i fleire timar utan noko som helst å gjere på, utanom å sjå rett fram? Så foreldra dine gav deg ei eske med rosiner. Sun Maid Natural California Raisins.

Eg har alltid likt rosiner, eg la dei oppi skuffene i Duplokjøkenet i lag med risnøtter og syntest det var eit komplett måltid. Litt surt/søtt og litt mildt. Knasete risnøtter og mjuke, småseige rosiner. Eg er så heldig at eg er tante til verdas skjønnaste jente, og det var sist gong då ho var på besøk med foreldra på slep, at eg fekk sjå dei nusselege rosineskene igjen. Og her kjem spørsmålet (etter litt meir forklaring og lange setningar): då eg opna ei eske for nokre dagar sidan, såg eg at det var skrive noko på den tappen som ein stikk nedi eska, på lokket, altså. Nokre koselege inskripsjonar til glede og inspirasjon. Er dette noko nytt, eller har det alltid vore slik? Eg hugsar ingen ord på dei gamle rosineskelokka. Det var uansett så fabelaktig og fortryllande at eg vil dele nokre av dei med dykk. Og de må unnskylde mobilbileta, eg gadd ikkje gå og hente 400Den...:

26 kommentarer:

  1. Nei, det der må være noe nytt!

    Jeg mener å huske at jeg faktisk studerte de eskene (haha, ja, faktisk.), og den må ha vært hvit med CMY-farge-ting på. Og sort, da, men uansett.

    [Om ikke det var bunnen, og jeg alltid åpnet den feil vel? Vel, jeg ble i tvil da du skrev dette :p]

    SvarSlett
  2. Vel, eg skulle tru at CMYK-fargekoden er noko som er i botnen, ikkje toppen, verkar mest logisk, men I don't know...

    SvarSlett
  3. Mhm. Hm. Det må jeg finne ut av, ble skikkelig nysgjerrig. xD Hentet nettopp en annen rosinboks, riktignok ikke Sun-Maid, men den har "fargerike" firkanter både i topp og bunn. Ææ.

    SvarSlett
  4. Birte, I am here!

    SvarSlett
  5. Stilig! Åt masse rosiner eg òg, men kan kje huska å ha sett at det sto nåke på di :P

    SvarSlett
  6. Elmukake: Nei, ikkje veit eg, men utruleg kult var det uansett. :D

    Neda: I see that! Welcome! :D Har du sett på Oddvarfilmen?

    Hilður: Nei, ikkje eg heller! Kan jo vere at det er noko nytt dei kom med for å halde interessen oppe or something...

    Nøve: I know, right?! :D

    SvarSlett
  7. oii så sjønt!!! D såg kje eg når eg va liten jaffal.

    eg o lekte me rosiner å risnøttår når eg va hos mormor, good times! Så fylte eg vann i et brett å trodde eg va ein honn xD

    SvarSlett
  8. Næ , så søtt:D Kan ikke huske at eg har sett det før, og eg har spist masse rosiner opp gjennom årene, for eg satt aldri i ro..

    SvarSlett
  9. Siri: Nei, ikkje eg heller.

    Awh! :D Eg blanda appelsinjuice med vatn og lata som om det var te, og så smakte eg på det og kjente kor vondt det smakte, så gav eg det til mamma. :P

    Kristin: Ja, ikkje sant?! :D

    Haha, kan eg sjå for meg. :P

    SvarSlett
  10. ahhh, jeg husker jeg spiste sånne rosiner! men de beskjedene har jeg aldri lagt merke til

    (og love på "when you shine, people around you glow" <3)

    SvarSlett
  11. Mamma pleidde å gi meg rosiner for at eg skulle sitje i ro på potta. Magiske rosiner.

    SvarSlett
  12. Vutarie: :D

    Ja, dei er supersøte!

    Christine: Haha, så herleg. :P

    SvarSlett
  13. Sjukt bra at nogen fant ut at detta funka da.. Alle har tydeligvis fått rosiner for å sitta i ro.. Sikkert eg O ..? xD

    SvarSlett
  14. Hehe, ja, kanskje dei sendte eit memo til alle foreldra slik at det vart ein standard? I don't know... Kanskje me bør etterforske saka?

    SvarSlett
  15. *coughcough* Var det ikke takket være meg du fikk se de små eskene igjen hæhæhæ???

    Anyways, jeg kan ikke huske at det sto sånn under, men jeg fikk nå heller aldri små rosinesker når jeg var liten, så det er kanskje ikke så rart :P

    SvarSlett
  16. Uhm, nei? xD Desse eskene er større og dei vart kjøpt før dei små du hadde. SOM FORRESTEN VART BETALT AV KVEN, hæ? Hæ? HÆ?!

    Awh, my poor butterscotcbunny with chocolate filling! :(

    SvarSlett
  17. jeg kan aldri huske at det har stått noe som helst der, men det er jo koselig da:))

    SvarSlett
  18. Ja, ikkje sant? :)

    Eg kjøpte forresten Tørst med sitron/lime på tysdag, berre på grunn av deg. :P

    SvarSlett
  19. Pft, jeg tror deg ikke :o Og jeg vet IKKE hvem som betalte for de små. Så det så!

    SvarSlett
  20. Well PFFFFT to you too. :O

    SvarSlett
  21. Eg kan ikkje huske at det har vært sånn før i hvert fall
    Eg elsker rosiner ^^ Det er verdens beste mat! (Nesten)

    SvarSlett
  22. Eg òg, det er jo så godt!


    Forresten, her kjem noko anna: kvifor har det eit eige namn når det eigentleg berre er tørka druer? Fordi tørka aprikos og mango og slikt har ikkje noko nytt namn.

    SvarSlett
  23. Birte, det går ikke ann å se filmen ):

    SvarSlett
  24. Oddvarfilmen? Har du lasta han ned? Vert spelt av i Quicktime på min data.

    SvarSlett