onsdag 27. august 2008

Meet Adolph

Det var ein gong to unge jenter som var ferdige med å prøve russeklede og gjekk ned til byen (i lag med kjærasten til den eine jenta) der dei to unge jentene til slutt enda opp på ein leikebutikk. På den magiske leikebutikken, blant hyller fulle av dei mest vedunderlege ting du kan tenkje deg, såg dei to veninnene ein stor, vakker plakat som utlyste at det var sal på ein mengde varer. Ei av desse varene var figurar som høyrte til ein jungelsafari og inni den eine eska kunne jenta, som hadde hatt panter som yndlingsdyr sidan ho såg Mummidalenepisoden med trollmannen på den flygande panteren, ein naturtro panter i minisize! Sidan det faktisk var sal og sidan jenta sjeldan fann panterleiker, kjøpte ho ei av eskene til seg sjølv, pluss ei eske med ein puma til veninna. Det fylgte òg med eit menneske + utstyr (kikkert og lommelykt i pumaeska, fotokamera og videokamera i pantereska) i kvar av eskene, samt to lemurar og ein stor stein som dyra skulle stå på. Jenta som betalte spurte ekspeditøren om ho kunne pakke inn eskene, og då veninnene seinare sat på stamkafeen og smilte som små barn, opna dei gåvene, tok ut alle figurane og leika med dei på salongbordet, utan å tenkje over kva dei andre tenkte.

Sidan jentene hadde vore på filmfestival i veka før, vart namnvala påverka av det. Panteren vart heitande prins Temudjin Adolph den VIII (fordi Temudjin var Djengis Khan sitt eigentlege fornamn og fordi Adolf har så trist statistikk (gå på ssb.no/navn, søk på Adolf og sjå sjølv) og pumaen fekk namnet prinsesse Börte Braun den II (fordi Börte var namnet på kona til Temudjin og Braun var etternamnet til kona til Hitler, Börte Eva syntest dei vart ein litt for rar kombinasjon). Det er verdt å leggje til at hovudgrunnen til at panteren fekk namnet Adolph (og at pumaen difor fekk namnet Braun) var fordi det er ein knapp oppe på ryggen deira som er mogleg å trykke ned, og då lyftar dei den høgre poten sin, som minnar om heil-helsinga.

Både prinsen og prinsessa var i dag med veninnene på skulen og då jenta med panteren hadde historie, kom historielæraren bort og uttrykte kor godt han likte prinsen og fortalte så ei lita forteljing om kor slemme romarane var i mot villdyr for fleire tusen år sidan. Dei reiste ned til Afrika, fanga mange tusen villdyr, tok dei med seg tilbake til Romerriket og drap dei så under "førestillingar" i colosseet. Such meanies!

Well, anyhow, meet Prince Temudjin Adolph the VIII and Princess Börte Braun the II:

onsdag 13. august 2008

Operation Bucket List: Christiania

Hello peeps, I'm back. :)

Nokon der ute hugsar kanskje at eg laga ei bucket list i juni? Vel, etter å ha vore ein tur i gode, gamle Oslo, kan eg herved krysse av:
- Buy and wear a designer garment/object (ala. Chanel, Dior, Gucci, Marc Jacobs, Oscar de la Renta, Prada, Versace...)
og
- Attend a concert by one of my favourite artists
Fordi på søndag 10. august sat Birte i lag med fleire tusen middelaldrande menneske og høyrte på Diana Krall and band spele og syngje. Etter rundt den tredje låta, var eg i himmelen. Eg gløymte alt om irriterande menneske og regn som slo ned på oss der me sat, eg var endeleg på ein Diana Krall-konsert og eg var lukkeleg. Ikkje berre er ho utruleg talentfull, ho er òg morosam og søt. Eit utval quotes:
Are you okay? Of course you're okay, you're Norwegians! I'm Canadian, so...
I played in Sandvika when I was 22 so that's... two years ago. *byrjar å le* (Det er more like 20 år sidan.)
Nah, I think you look cute.
På eit punkt såg ho ut på oss og skulle til å byrje på ein ny song, så stoppa ho og byrja i staden på Raindrops Keep Falling On My Head. Så sa ho: I'm just kidding... Men folk byrja å klappe og rope, så då sa ho: Ah, you're gonna make me play the whole thing? Well, I don't care, I'll play it. It's a good tune.

Elles så har eg brukt way too much pengar på way too much ting, men det er greitt, fordi det var Oslo og det var gøy. Eg shoppa bøker med Vixxen, eg gjekk på operataket og eg drakk champagne på operakafeen.












fredag 1. august 2008

(W)Horoscope Day

Eg har aldri brydd meg om horoskop og den slags, men Val hadde kjøpt britisk(?) Elle, så eg tenkte eg skulle lese, og der stod det blant anna at på 1. og 16. august så kom eg til å oppleve noko overraskande, men positivt. Eg markerte datoane i Aurora-kalenderen min som Horoscope Days (Weird Al ville at eg skulle skrive det med W).

Tja, til no har eg fått mensen for månaden: ikkje overraskande, eg visste han kom denne veka, og i alle fall ikkje positivt. Krampesmerter til tusen, oh yes. Eg har kutta meg på handa. Overraskande, men lite gøy. Eg har trådd på glasskår med bare føter som hadde same effekt som hendinga før. Eg vart irritert på mamma, verken overraskande eller positivt, og eg har fått/kjøpt (betalte halvparten medan mamma betalte resten) ein ny kjole (that makes 16, btw).

Vel, det er framleis nokre timar igjen av dagen. Eg ventar i spenning.

Heldigvis er eg ferdig med vaskejobben no. Eg har samanlagt vaska i fire veker, fire dagar i veka. Med ni toalett å vaske (blant mange andre ting) dagleg, vil det seie at eg har vaska 144 toalett. Er ikkje det INSANE?!

Elles så tenkte eg å informere at sidan eg skreiv dette innlegget (trykk då, for fuck's sake), så har eg kjøpt:
Away From Her
Dark Matter (som eg kjøpte i går)
Elizabeth - The Golden Age
Evening
Falling In Love
Funny Lady
Gjøkeredet (One Flew Over The Cuckoo's Nest)
Heartburn
Irina Palm
The Jane Austen Book Club (som var svaret på den quizen min, btw, sitatreferansen: All Jane Austen, all the time vs. All Meryl Streep, all the time)
Manhattan
Music of the Heart
My Fair Lady
Postcards From the Edge
The Secret Life of Words (som eg òg kjøpte i går)
The Way We Were
samt sesong 5 av Gilmore Girls (fordi eg synest den sesongen er best) og sesong 10 av ER. Jaaaaada. :D

Og ja, eg kjøpte tre bøker i dag, Norli hadde 3 for 2 tilbod på engelske pocketbøker. I'm a crazy lady.

Zhe dress. (Bandet skal verta knyta bak, men eg tok det fram for å vise at... vel, at det finst.)