onsdag 5. oktober 2011

Hope There's Someone

There's a ghost on the horizonWhen I go to bedHow can I fall asleep at nightHow will I rest my head
Eg kan tvinge meg sjølv til å ikkje ta kontakt med deg, ikkje skrive til deg eller oppsøke deg - i alle fall ikkje klemme deg fordi då kjenner eg lukta di igjen og plutseleg kjem alt tilbake. Eg kan tvinge meg sjølv til å unngå alt det, men eg kan ikkje slutte å elske deg. Å elske deg er det mest naturlege i verda.

Kjersti seier at me må elske oss sjølv meir, men det er så mykje lettare å elske alle andre, verte fascinert og imponert og dykke ned i fleire hundre år gamle teoriar om korleis ein skal verke sann og ekte på scenen.

Eg har så mykje eg vil skrive, men orda vert dei same og eg vert oppgitt av mitt eige mønster, men eg skal elske meg sjølv, akseptere at dette er den eg er. Må akseptere den eg er slik at andre kan gjere det same, slik at eg kanskje kan finne ein som ikkje drar. Antony snakkar om å besøke seg sjølv som sjuåring og seie "I love you, you're so great", fordi ein treng det i historia si, å vere elska, og når du sit på kontoret ditt i huset på Isle of Wight så treng du å vite at du har elska deg sjølv, gjennom alt som har skjedd så har du alltid kunne stole på deg sjølv, til og med når du har ville søke avgrunnen så har du vore trygg på deg sjølv - du har ikkje nødvendigvis vore åleine heile tida, det er viktig å kunne be om hjelp - men du har elska deg sjølv.

Eg følte meg elska på fredag, over alt kvar eg såg fann eg fine menneske å smile til og snakke med. MediaRagnhild spurte om eg finn alle menneske like interessante eller om det er noko spesielt med lærarar, og sidan det har eg tenkt på det kvar dag. Eg trur svaret er at eg finn lærarar spesielt interessante fordi dei har vore ein stor del av livet mitt. Dersom ein ikkje tar med barnehagen og førskulen så har eg gått på skulen/vore i ein læringssituasjon sidan august 1996, og om det hadde vore mogleg å rekne det ut så hadde summen av timar tilbringa med lærarar vorte veldig høg. Eg har alltid følt eit behov for å kjenne desse personane, ikkje minst fordi eg har sett opp til dei og beundra dei. Det same gjeld kunstnarar. Det er ikkje få timar som har gått med til filmar, fjernssynsseriar, teaterframsyningar og liknande heller. Men det er sant, eg finn interesse for dei fleste fordi det er ein måte å setje seg inn i korleis andre fungerer, korleis dei føler og tenkjer, kva som motiverer og inspirerer dei, og det har hjelpt meg med å skrive tekstar ut i frå ulike perspektiv. Eg trur eg treng å studere folk meir, slik som eg gjorde før, kanskje det kan løyse opp i den litterære tørkeperioden min.

På søndag skal eg ta toget til Oslo og eg håpar det kjem nokre tekstar ut av den turen. På ei anna side, om det ikkje gjer det er det ikkje ei katastrofe fordi eg får sjå Neda igjen.

3 kommentarer:

  1. Koffår e du så glad i Isle of Wight? :)

    SvarSlett
  2. Då eg var på språkreise i Bournemouth i 2005 så var me der på dagstur/del av ein dagstur og eg forelska meg i øya right then and there og etter det har eg alltid lengta tilbake og tenkt å skulle bu der når eg er pensjonist. Ein litt naiv og romantisk tankegang, men det verkar koseleg. :)

    SvarSlett