Eg har ei magisk skrivebok. Det finst ingen reglar, det handlar berre om å skrive, puste, vere til. Eg skriv ingen datoar, ingen spesifiseringar, og ein dag håpar eg ho kan sjå ut som reiseboka til Havstein i Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?.
Eg har ei magisk skrivebok og du går på sidene saman med meg.
Eg kan sjå fotavtrykk etter dei lette føtene dine,
eg kan høyre latteren din.
Eg kan lukte parfymen din
og vinden om sommaren.
Eg har ei magisk skrivebok
og ho er full av alt som har skjedd,
alt som aldri skjedde,
og alt som framleis kan skje.
Eg har ei magisk skrivebok
og te med raude hjarte i.
Å så fin, berre heilt nydeleg, eg ser ho er magisk! Klem frå meg
SvarSlettKremmerhuset <3
SvarSlettKlem tilbake!
Awh, tenkte å kjøpe den til deg i julegave, faktisk!
SvarSlettOoh, morosamt! Eg kjøpte ho sist eg var heime, så det er ei stund sidan. :)
SvarSlettSå koselig innlegg! :)
SvarSlettOg eg savne å sjå den håndskrifto di øvealt!!
Awh, eg kan skrive små tekstar på ein haug med post it-lapper og sende til deg i posten. :D
SvarSlettAhw, den er veldig pen.
SvarSlettKanskje jeg skal gjøre det samme og ta bilder. Har tenkt til å kopiere noen av arkene/deler av arkene og bruke de som lapper på gaver.
Jeg skal definitivt kjøpe flere bøker.
Awh, ja, gjer det! <3
SvarSlettHihi, det hadde vore kos. :)
SvarSlettDen såg magisk ut <3
SvarSlettKremmerhuset ftw! <3
SvarSlettFor ei nydelig bok du har!
SvarSlettTakk, eg er veldig glad i ho. :)
SvarSlett