søndag 27. november 2011

Missed Me


Det er natt.
Det er 17 Chrometabbar og fire bøker opne på éin gong.
Det er Amanda Palmer og The Dresden Dolls og assosiasjonar og minne og ein nabo som alltid speler musikk så høgt at eg høyrer bassen gjennom veggen.
Det er å planleggje å kjøpe dei siste julegåvene på onsdag etter at heimeeksamenen er levert.
Det er å drikke gløgg og te og vatn og juice og lure på når roa kjem.
Det er å sjå fyrverkeri frå studentbustaden fordi det regnar og er kaldt og mørkt og eg prøver å vere flink, men aller helst vil eg sjå film og banke på døra til naboen og be ho ta omsyn, før eg dansar rundt i leilegheita og ler ein slik gal latter som ein berre kan le når ein er åleine eller når ein er saman med gode vener som veit at ein er litt gal og elskar ein for det.

Det er natt. Det er fyrste søndag i advent. Det er lukta av fyrstikker som nokon nettopp har blåse ut.

Det er natt. Det er heimeeksamen med fleire tusen ord igjen å skrive.

Det er natt.

7 kommentarer:

  1. Høyrar ho verkeleg på høg musikk om nettene? (Hello, headsett?)

    Lykke til med heimeeksamen <3

    SvarSlett
  2. Lykke til med eksamen, og god advent! <3

    SvarSlett
  3. Lene: Jupp, og om eg snakkar med henne om det, så nektar ho for at det er henne (men det er heilt openbart at det er det).
    Takk. <3

    Nøve: Tusen takk. <3 God advent til deg òg!

    SvarSlett
  4. Tragisk. Er sikkert julenissen eller påskeharen (kor er himle-smilefjeset frå BS når du trenger den).

    SvarSlett
  5. Haha, ja. BS hadde nokre gode smileyar.

    SvarSlett
  6. Kom ikke kommentaren min med? :(

    SvarSlett