søndag 13. november 2011

I miss you today

Eg har sagt dette før: Eg er veldig flink til å sakne folk. Men det er noko ekstra med det når det er besto sin bursdag (ho hadde vorte 92 år i dag), og sjølv om eg hadde ei vedunderleg fin bursdagsfeiring i går kveld, så er det noko med den kjensla når alle har dratt og det er litt for stille (sjølv om eg likar stilla), fordi eg føler meg som Mrs. Dalloway i blant, kan ikkje for det. Og nokre gonger vil eg helst liggje heile natta og snakke med nokon, slumre og vakne igjen og kunne fortsetje samtalen. Det er ikkje alltid like gøy å bu åleine. Hovudet mitt dunkar og gjer vondt og kjem sannsynlegvis til å gjere det i ei veke til, fordi eksamen nærmar seg stadig og eg kan ikkje kontrollere korleis kroppen min reagerer på nervøsitet og stress.

Det er litt for mange kjensler og litt for mange tankar og litt for mange tårer på éin gong.

I miss you today.


(Berre vent til eksamen er over og eg kan fokusere på å handle julegåver og drikke gløgg, då skal det verte andre bollar.)

8 kommentarer:

  1. Syns bare det va et fint innlegg eg, angra på at eg ikkje kom t Bergen denna helgå for eg savne deg veldig!

    SvarSlett
  2. Saknar deg òg. <3
    Eg kjem heim om litt over ein månad.

    SvarSlett
  3. Det er ganske sårt når dei du er glad i har bursdag, men du får meir gitt dei ein klem eller sagt kor glad du er i dei.

    Så bra at du hadde ein fin feiring. Eg håpar at du får ein pakke i posten snart (må berre kjøpe den først :p)

    SvarSlett
  4. Ja, spesielt sidan ho døydde medan eg framleis var veldig liten (ho døydde i 1993). Har minne med henne, men dei er så få og uskarpe, så ein sørgar ikkje berre for tapet, men òg for alle åra ein ikkje fekk med personen, alle minna som aldri fann stad.

    Awh, eg gler meg! <3

    SvarSlett
  5. Ahw, I know, honey. <3 I'm here if you need me, you know.

    SvarSlett
  6. Gretulerer til besto! Håper du klarer å ta det litt med ro også, selv om jeg skjønner det er vanskelig!

    SvarSlett