torsdag 22. mars 2012

Birte med hatt (aka. Birte i London)

Torsdag ettermiddag kjærteikna eg ryggane til hundrevis av einsame bøker som var igjen etter Mammutsalet og kjøpte ei gåvebandrose til å lime på ein pakke Pukkate eg gav til nydelege Nina på Scenekraftverk.

Fredag føremiddag rant det tårer nedover kinna mine, nervene spelte kompliserte symfoniar eg ikkje klarte å fylgje med på og eg var veldig nær å droppe heile Londonturen min.

But I didn't. And I'm glad I didn't.





Eg har følt meg heime på heilt nye stader og opptil fleire har kalla meg madame, ikkje miss. Kanskje Mayser får meg til å sjå eldre ut, han og eg møttest på laurdag då eg var med Alice og me har vore umoglege å skilje etter det.

















Søndag kveld skaut mannen med hatt eld gjennom sjelen min før han knuste hjartet mitt litt, så på måndag gjekk eg rundt med eit plaster over hjartet.















Eg har vore ganske opptatt av bygningar på denne turen, kjente eller ei, i sollys, i skuggen, i solnedgangen, om morgonen.
























På fleire av dagane har eg vore med magiske menneske som har gitt meg klemmer, og på tysdag møtte eg Tyne Daly som kalla meg lovely.













Eg veit ikkje om eg kan flytte til Haugesund til hausten likevel...

10 kommentarer:

  1. fin hatt.

    flytt til oslo.

    eller london - men bare om jeg kan besøke deg mange ganger i året.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Mannen med hatt var imponert.

      Hmm, ja, men eg må ha noko å gjere der òg.

      Slett
  2. Ser ut som om du har vært på flere flotte steder i London enn hva jeg har i løpet av hele mitt opphold her. :P
    Også tenk å møte Tyne Daly da! :D Herlig!

    Jeg tror sannelig jeg er litt sjalu på kameraet ditt.
    Men, HVOR er bildet med oss to på sammen? *prøver å se morsk ut*

    Uansett... håper du kommer tilbake snart :3

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, du får ta deg nokre lange spaserturar og reiser med tuben. :)
      Ja, kjempeherleg! :D

      Sorry, vanity took over. Ansiktet mitt såg heilt smosha ut. :P

      <3

      Slett
  3. eg kjennar at eg vil oppleve London saman med deg :D

    *klemme*

    SvarSlett
  4. Å herleg. London er nydeleg på denne tida av året, elles også, men det er så godt med vår. I dag har me hatt vår her òg. Fantastiske bilete. Klem frå meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja. <3 I dag er det vår i Bergen òg, sol og blå himmel. :)
      Klem

      Slett
  5. Whiii, mången kule perspektiv på bildene dine. :D

    SvarSlett