onsdag 28. mars 2012

Det nærmar seg påske

Eg står naken i dusjen utan å skru på vatnet. Legg hendene mine over venstre bryst og kjenner hjartet mitt slå. Når vatnet byrjar å renne lèt eg hendene gli nedover flisene, dei lagar avtrykk i dampen som forsvinn i neste sekund.

Det er ein slik dag i dag.

Eg trur eg kjem til å gråte, men gjer det ikkje. Byrjar i staden for å le. Tenkjer eg saknar fjell og snø og påske på hytta i Etne som nokon andre eig no, å sitje i stova og teikne med fargane frå den raude treboksen som stod i skapet under den rare klokka (eller var det ein temperaturmålar?) med kvinna og mannen som kunne kome fram frå det litle huset sitt. Tenkjer eg skulle ynskje eg hugsa meir av korleis besto var og at eg må spørje pappa om det neste gong eg er heime, kva som fekk henne til å le og kva ho likte best å ete, fordi eg hugsar berre då ho låg i senga mi og verka liten og uoppnåeleg på same tid.

I magen min flyr sommarfuglar av ulike storleikar og av ulik tyngde, men sola har gøymt seg bak skyene igjen.

Det nærmar seg påske.

4 kommentarer:

  1. <3
    *klemme*

    Eg skal heim til fjella i påsken. Ikkje på toppen av dei, men eg skal vere omkringa av dei.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo ikkje akkurat mangel på fjell i Bergen heller, men det vert ikkje det same.

      Slett