søndag 25. mars 2012

Den fyrste gongen

Den fyrste gongen du møter ein du vil dele natta med.

Den fyrste gongen du smaker sjokolade som smeltar på tunga.

Den fyrste gongen kroppen varmar seg på te.

Ditt fyrste kyss.


Ditt fyrste skikkelege kyss.

Den fyrste orgasmen.

Det fyrste hovudverket.

Den fyrste veka utan kjøt.

Det fyrste året utan kjøt.

Alle dei åra med ein kropp som følest mykje reinare.


Den fyrste kjærleikssorga.

Det fyrste handtrykket.

Den fyrste hatten.

Den fyrste gongen du finn ein heim utanfor heimen.

Den fyrste utanlandsreisa.

Det fyrste dødsfallet.

Den fyrste gongen du ser faren din gråte.

Det fyrste lærarcrushet. (Og det andre. Og det tredje.)


Den fyrste songen.

Den fyrste komponisten.

Den fyrste melodien som framleis speler.

Det fyrste håpet, som alt byrjar og endar med.

7 kommentarer:

  1. Her er det mange følelser. Mange kjente følelser også, faktisk.

    SvarSlett
  2. jeg har alltid ønsket meg en skrivemaskin! har et mål om å få tak i det i år, måmåmå.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det må du!
      Loppemarknadar plar vere bra stader å finne skrivemaskinar. :) Eg elskar mine høgt og inderleg.

      Slett