onsdag 14. mars 2012

I'm leaving you with the music

I morgon etter eg har vore på førelesing tar eg Kystbussen til Haugesund for å delta på Scenekraftverk, eit lokalt teaterforum som eg elskar høgt og inderleg. På fredag tar eg flyet til London etter å ha besøkt veninneniesa mi for fyrste gong og eg kjem ikkje tilbake før onsdag neste veke.

Eg har aldri vore så nervøs før ei reise som eg har vore i dei to siste vekene, men eg håpar at nervene roar seg når eg er i mitt home away from home og høyrer engelsk over alt kvar eg går.

I løpet av desse dagane kjem det ikkje nye blogginlegg, eg har ikkje planlagt noko, men har forhåpentlegvis mykje kjekt å fortelje når eg er tilbake i bunadslandet. I mellomtida håpar eg de hugsar å elske kvarandre og dykkar sjølv.

8 kommentarer:

  1. ååååååååå, KOS deg!!!!!

    SvarSlett
  2. Lykke til med å få nervene til å roe seg. Ha det fortreffelig!

    SvarSlett
  3. Send postkort :-D Eheh.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg treng den nye adressa di! (Kjøpte kort i London, men fekk aldri tak i frimerke, så skal sende frå Noreg.)

      Slett
  4. Hva skal du i London? Ha en brilliant tur! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg leita etter inspirasjon og motivasjon og ein pause frå kvardagen. :)

      Slett