tirsdag 27. mars 2012

Whooooo are you? (Who, who? Who, who?)

Hei, kjære menneske!

Bloggstatistikkar er fascinerande saker, til dømes har nokon kome innpå bloggen min i løpet av dei siste dagane gjennom å søke på "for adle elska krabbe", men to av yndlingssøka mine er "havet sølepytt" og "nokon som kysser". Og så håpar eg at fleirtalet av dei som søker på "Valkyrje" gjer det fordi dei faktisk vil ende opp her, ikkje fordi dei leitar etter informasjon om valkyrjer frå norrøn mytologi (som strengt tatt er der eg fekk namnet frå gjennom å spele Age of Mythology ein gong i tida, men dette er kanskje ikkje den beste bloggen for norrønentusiastar).

Det eg no lurer på er: Kven er de? Det plar vere eit fast knippe lesarar som kommenterer, men statistikken seier eg har fleire titals lesarar på kvart innlegg og eg vil gjerne vite kven de er. Kjenner de meg? Korleis fann de bloggen? Liker de det de les, eller framstår eg mest som ein romantisk tulling? (Eg er eigentleg ganske nøgd om det verste eg framstår som er ein romantisk tulling.)

Berre litt sunn nyfikne frå ein einsam student, med andre ord.


Hello, people of the world!

According to my blog stats I have quite a lot of readers passing through my virtual home, but I only have a few people who regularly comment on my posts, so to all my readers, I'm curious: Who are you? How did you find my blog? Do you know me? Do you like what you're reading or do I mostly just seem like a romantic fool? (I'm actually pretty pleased if the worst thing I come off as is a romantic fool.)

24 kommentarer:

  1. Og eg lura veldig på koss i huleste folk har havna på bloggen din ved å søka på "for adle elska krabbe"?!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg prøvde å søke på det sjølv, det var tydelegvis fordi eg siterte den der sommarsongen der dei syng "blir du med og lyser etter krabber (...)" i eit innlegg i fjor sommar. :P

      Slett
  2. En gang fant jeg bloggen din da jeg søkte på skobutikker :P På første side atpåtil.

    SvarSlett
  3. Jeg heter Synne! Jeg havnet her inne etter å ha lest kommentarene dine hos Kjersti, tror jeg, og følger deg dessuten på Twitter.
    Jeg glemte å si det da innlegget kom, men London-bildene dine gjorde meg varm om hjertet. Jeg elsker den byen, nemlig.
    God tirsdag videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, Synne!
      Så koseleg å høyre. :) Elskar London eg òg, som du kanskje har forstått.
      God onsdag!

      Slett
  4. Heihei, jeg heter Eirin :) Jeg er 26 år gammel, tromsøjente, bor i Bergen og er en passiv, lat og apatisk litt.vit-student.
    Jeg tror jeg fant bloggen din via en eller annen annen (...) blogg for ikke så veldig lenge siden og jeg har ikke lest her lenge nok til å ha dannet meg et ordentlig bilde av deg & bloggen din enda. :)

    SvarSlett
  5. Jeg tror jeg kom hit via Lene. Med 99% sikkerhet!

    SvarSlett
  6. Eg fann deg via hysjduskremmerfisken, og er veldig fornøgd med det du skriv. Ein av skattane i bloggverda, i grunn. Spesielt tekstane du legg ut innimellom!

    SvarSlett
  7. Eg fann bloggen din via Facebook.

    SvarSlett
  8. Hei, eg heiter Lene og eg kjenner deg (+ saknar deg)

    "for adle elska krabbe" = *mållaus*

    SvarSlett
  9. I am your little sister, Neda. This is our sixth year as sisters. And I love you!

    SvarSlett
  10. Hei, eg er meg og kjenner deg :) Fekk vita om bloggen av IE

    SvarSlett
  11. Jeg "kjenner" deg gjennom internett fra før, og titter innom her i ny og ne. Vet ikke helt hva jeg skal skrive egentlig, du er deg, fylt til randen av kjærlighet, og det vel kanskje derfor jeg leser her. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Awh, tusen takk for ei så fantastisk skildring! <3 Når eg ein gong døyr så vil eg kremerast og helst ikkje ha noko gravplass, men om eg skulle hatt ein gravstein skulle det ha stått "Birte var fylt til randa av kjærleik" på han.

      Slett
  12. Hei!
    Jeg heter Jane og har fulgt deg en stund. Husker ikke hvordan jeg fant deg, men jeg fant deg og falt pladask :)

    SvarSlett