lørdag 7. november 2020

Livbåt

Sakte,
suggererande,
voggande.

Me ligg med hovuda våre så vidt over vasskorpa. Ventar på beskjeden om me kjem til å dukke under eller om livbåten finn fram i siste liten.

Vatnet er så kaldt. Det omkransar oss heilt frå urolege hjerneceller og ned til sprokne tånegler. Det strøymer inn i blodårer, muskelvev og jobbar seg inn til skjelettet vårt. Isvatnet legg seg til rette i pausane mellom hjarteslaga våre og krystalliserer andedraget. Når me pustar, hostar me ut isdropar som flyt vekk frå oss og knuser alle håp om ei fredeleg natt.

Likevel held me ut.

Likevel held me fast i kvarandre.

Likevel held me fram med å puste.

Me har sett kva havet kan gjere, men me kan ikkje gi opp.

Ikkje enno.

Det finst ein livbåt.

Berre han finn fram i tide.



torsdag 27. februar 2020

Klageskjema

"Kan ikkje klage," seier du.
"Sjølvsagt kan du klage," seier eg.
"Har ikkje lyst til å klage," seier du.
"Alle liker vel å klage litt," seier eg.
"Vil klage på deg," seier du.

onsdag 22. mai 2019

BANAN

Bananar er gule og har ein bøyg på seg. Dei kan òg vere grøne eller brune. Før vart eg fortalt at banan var ei frukt, men no har eg lært at det er eit bær. Banan kan likne litt på ein bumerang, men når du kastar ein banan så kjem han ikkje tilbake av seg sjølv.

tirsdag 14. mai 2019

Utan tittel

Eg vil ikkje seie at eg er tilbake. Eg veit ikkje kva eg er. Eg veit ikkje om nokon andre kjem til å lese dette.

Eg trur at eg kan ha godt av å ha ein stad der eg kan lufte tankane mine ein gong i blant. Og at eg ikkje vil slette denne bloggen, fordi han tydde så mykje for meg i så mange år, og han er framleis viktig for meg.

Det er rart å sjå kor langt eg har kome, kor mykje tid som har passert, kor mykje som har endra seg. Eg lurer på om eg kjem til å lese gamle innlegg om igjen og vere usikker på om det faktisk er eg som har skrive dei. Har eg den same stemma?

Besto baker

Besto baker for å ikkje høyre einsemda snakke til henne frå det inste hjørnet i stova. Det inste hjørnet av hjartet.

Besto baker brød og kringler og peparkaker og krumkaker og alt som er, men ingen kjem for å ete dei. Ho lét dei liggje framme til dei vert grå og grøne, og om ho får det over seg legg ho noko i den raude postkassa. Ho har ikkje sett postmannen på fleire år, men ho får framleis brev frå India.

Her om dagen kom det ei avis frå 1979 og besto lurte på om tida hadde byrja å gå bakover. Det hadde gitt meining, fordi ho kunne sjå brøda gå tilbake til å vere mjøl og vatn og gjær til korn til gras til åkrar fulle av liv. Dersom ho held pusten, trur ho at tida kan gå så langt tilbake at ho kan møte bestefar igjen, men ho er usikker på om han kjem til å vite kven ho er.

I dag er kjøkenet fullt av kyr som har vore kartongar med mjølk og besto klappar dei medan ho ser ut av vindauget. Det snør midt i juni og fuglane har frose fast på bjørkekvistane. Etter å ha delt ei skål med korn med den nye familien sin, lukkar ho auga og held pusten så lenge ho klarer. Kanskje ho får møte han i dag.

onsdag 19. april 2017

I augeblikket

Stein i vatnet,
håp under himmelen,
stjerneklart i hjartet ditt.

mandag 31. oktober 2016

Barndomstankar

Då eg var liten var verda full av trollmenn og drakar. I skogen fanst det troll og vetter, og i det kvite huset budde det spøkjelse. I den litle glipa i berget fann me huleteikningar og beinrester, og trerøtene som gjekk langs jorda var leidningar i romskipet me brukte for å dra på oppdagingsferder.

Eg drøymde om å vere arkeolog, eller kanskje journalist. Sjølv om det eg assosierte med journalistikk hadde eigentleg meir å gjere med å vere som Tintin og reise rundt i sjøfly med ein liten kvit hund og løyse mysterium.

Eg lengta etter havet. Ikkje fjorden som skein i sola nedanfor huset vårt, sjølv om den var fin i seg sjølv og perfekt å bade i til eg fekk rosinfingrar. (Eg nekta for at eg var kald sjølv om leppene var blå.) Eg lengta etter det opne havet, med sjørøverskip der langsidene var dekka av kanoner og piratane ombord var snille som faren til Pippi og kunne lage skipsbuffet.

Eg ville byggje trehytter og luftskip, og fly på rosa skyer. Eg skulle redde verda med å vere snill og hjelpsam og bake kake til alle...

Eg har kanskje ikkje alle dei same ideane lenger, og den praktiske og rasjonelle sida av hjernen min veit at det meste i livet er komplisert, men det er fint å kunne sjå tilbake på kven ein har vore, kven ein er no og korleis tankane og kjenslene har utvikla seg gjennom åra. Dessutan kan eg framleis skimte drakar og sjørøverskip - om eg ser nøye nok etter - og eg trur framleis at ein kan redde verda (i alle fall bitte litt) med å vere snill og hjelpsam og bake kake til alle.


torsdag 25. august 2016

Gøymeleiken

Du står i eit hjørne og øver deg på det stiligaste trikset ditt. Når du lukkar auga er det som om du forsvinn inn i veggen. Du høyrer alt og ser alt, og ingen veit at du er der. Bak dei tunge, mørke gardinene ser du alle bilane som køyrer opp til huset. Det er så mange bilar at dei tar opp heile gata og du lurer på om naboane kjem til å klage. Kan naboar verkeleg klage på ein dag som denne?

Du er glad for at det er sol. Du vil at alle skal forbinde denne dagen med sol og varme. Ein slik varme som omfamnar dei og gjer at dei føler seg trygge.

Huset byrjar å fylle seg opp av slektningar som ikkje har sett deg sidan konfirmasjonen din - eller kanskje det var dåpen - og vener som drakk øl med deg sist helg. Du lurer på om det er nok mat. Folk reagerer så ulikt på ting som dette. Nokon klarer ikkje å slutte å ete, medan andre ser ut som dei lever på vatnet dei sjølv produserer.

Du føler at du burde hjelpe til, men det er så fint å stå stille i hjørnet og berre observere alt. Det er som om du ser livet ditt frå eit nytt perspektiv. Alt verkar så enkelt. Kva var det eigentleg du var redd for?

Seremonien skal til å starte. Mora di kjem ned trappa. Det er tydeleg at ho har det vondt, men heldigvis kan ho halde bror din i handa. Når ho står på podiet kan du nesten nå henne.

Ho byrjar å tale til dei som er der og du vil ikkje gøyme deg lenger no. Du har lurt dei lenge nok. Det er på tide å kome fram og overraske dei. Dei kjem til å verte så utruleg imponert når du plutseleg dukkar opp ved sida av mora di. Ho klarer ikkje å snakke meir fordi tårene tar overhand, så no er det din tur. No skal du ta over. Du må berre kome fram.

mandag 20. juni 2016

Mjøl og margarin og vatn

Du står på kjøkenet med hendene djupt planta i ei blanding av mjøl og margarin og vatn. Du står der og jobbar med deigen til han samlar seg til ein klump du kan forme til kva du vil.

Du veit det ikkje, men du har stått der i fleire timar.

Når du ser ut vindauget kan du sjå gata du bur i. Du kan sjå graset spire hjå Haraldsen og du kan sjå korleis epletreet til gamle fru Frægdal har byrja å ta over heile hagen hennar. Dersom du tar på deg brillene dine og konsentrerer deg, kan du telje kvar murstein på terrassen til Henrik. Om du snur deg litt mot venstre, kan du skimte korleis solstrålene skaper regnbogar i oljesølet til herr Kristiansen fordi han insisterer på å mekke på veteranbilen sin kvar søndag.

Hadde du fylgt godt nok med, hadde du oppdaga kor lang tid Stian bruker på å gå frå parkeringsplassen til huset sitt same kva vêr det er. Kanskje du hadde lagt merke til korleis han prøver å møte blikket ditt.

Men du står med nevane dine djupt planta i ei blanding av mjøl og margarin og vatn, og ser på barna som leikar i sandkassen medan paideigen stadig vert saltare.

tirsdag 9. februar 2016

Ditt livs rolle

Eg ser deg bak sceneteppet. Ser skoa dine som trippar medan du gjer deg klar til å møte publikum. Møte den forventningsfulle stilla. Møte meg.

Du er så vakker der oppe. Så full av liv.

Eg trur du liker deg best som andre menneske. Det er nærmast som om du distanserer deg frå deg sjølv i alt du gjer. Kanskje det er difor eg vert både glad og trist av å sjå deg der oppe. Du er vakker, men du er fortapt.

Eg ser deg etter framsyninga. Du står i eit hjørne i foajeen og snakkar med menn som aldri har gått på teater før, men som meiner at du er den beste skodespelaren dei har sett. Mannen i dress og slips gir deg ein bukett med solsikker. Hadde me kjent kvarandre, hadde eg gitt deg solsikker kvar dag. Og roser. Og tulipanar. Og dei små, kvite blomane som alltid ser så uskyldige ut. Eg hugsar ikkje kva dei heiter, men eg trur du hadde likt dei.

Jordkloten roterer saktare når du er i rommet. Støvkorn dansar kring kroppen din og lengtar etter å klamre seg fast til deg. Vere med deg heim.

Eg har tenkt på å spørje om du vil ta ein kopp kaffi med meg ein dag. Tenkt kor fint det hadde vore å vakne opp ved sida av deg, ete frukost saman og dele avisa, men eg veit at me høyrer til i kvar vår verd.

Før eg legg meg kjøper eg billett til dei siste fire framsyningane. Finn ut kva sete som kan gi meg ei større verdsetjing av prestasjonen din, og planlegg kva eg skal ha på meg.

Og jorda roterer vidare.

fredag 5. februar 2016

Eg håper

Eg lurer på om havet gir meining for deg. Om du klarer å lene deg inn mot stormen og stole på at han tar i mot deg. At han tar vare på deg.

Eg lurer på om du stoler på verda. Ikkje på ein overdrive naiv måte, men på ein realistisk og vakker måte. Ein "alt i verda kan ikkje vere ille"-måte.

Det finst så utruleg mykje å gråte for. Det finst så utruleg mange å gråte for.

Eg håper me klarer å bruke tårene til noko godt. At me kan samle dei i små reagensrøyr og studere dei. Sjå kvarandre sine minne og forstå at dei me ser på fjernsynet kunne vore familien vår. At dei er familien vår.

Eg håper me klarer å finne stemmane våre.

Eg håper du stoler på verda.


søndag 29. november 2015

Til alle

Vit at du er viktig. Vit at du fortener å verte høyrt. Vit at du er sterk. Vit at du er elska.

fredag 20. november 2015

Livsvisdom frå ein halv kortstokk

I dag fyller eg 26 år, aka. ein halv kortstokk, og vel difor å dele litt visdom eg har samla opp så langt i livet:

1. Bruk tanntråd! Det er utruleg kor mykje tannkosten ikkje får tak i.

2. Tanntråd som skryt av at han ikkje splittar seg, kjem til å splitte seg.

3. Smil til framande. Eit lite, høfleg smil til ein forbipasserande kan ha mykje å seie.


4. Kommuniser med kvarandre! Eg veit at filmar og seriar er fulle av folk som er elendige på å kommunisere. Det er faktisk så ekstremt at dei gjer seg sjølv galne fordi dei diskuterer situasjonar med alle andre enn personen det gjeld, og endar som regel med ein eksplosjon av ein krangel, men dette kan altså forhindrast om de berre snakkar i lag.

5. Bruk sykkelhjelm! Det er kanskje ikkje verdas beste look, men det er ikkje så kult å ha hjernemassen smørt utover asfalten heller.

6. Finn tid til å gjere det du elskar. Det som inspirerer deg. Det som gjer at du føler deg levande.

7. Les! Same kva sjanger, format, språk, medium... Berre les.


8. Ver nysgjerrig! Prøv å halde fast på fantasien og undringa du er fødd med.

9. Opplev nye ting. Ikkje lås deg fast i bestemte tankemønster. Våg å prøve noko nytt. Utvid horisonten din. Reis! Lev! Oppdag! Vert sjokkert! Vert frelst! Få hjartet ditt knust og finn ut korleis du kan gjere det betre.

10. Våg å elske. Det er skummelt og risikabelt og spanande og utfordrande. Og det er heilt fantastisk.


11. Ikkje gjer som mora di seier. Eller faren din. Eller kven som helst. Det er berre du som kan vite kva som er best for deg og ditt liv.

12. Be om hjelp. Stort eller smått. Livsviktig eller trivielt. Alle har rett på hjelp og folk flest ynskjer å gi det, men det er opp til deg å be om det.

13. Finn folka dine. Når du veks opp og finn ut av kven du er som person, så er det ikkje sikkert du er så heldig at du går i klasse med nokon som deler interessene dine. Men ikkje gi opp, fordi eg veit at dei finst. Kanskje må du ut i verda for å finne dei. Kanskje er dei berre nokre tastetrykk eller ein busstur unna. Men eg lover deg. Dei finst.

torsdag 12. november 2015

Å stå i regnet

Du tenkjer du vil skrive at du kan høyre regnet spele trommer på vindauget, men det følest som den største litterære klisjeen som finst, sjølv om det er meldt storm og verda er i ein unntakstilstand.

Kanskje heile livet er i ein unntakstilstand.

Det som fristar mest i augeblikket er å stå i regnet med støvlar på og la det trenge inn gjennom ull og polyester til det når hjartet ditt, fordi det er så mykje negativitet rundt deg for tida at du har gått tom for tårer.

Du håper regnet kan gi deg svar. Dette regnet som gjer alle reine og uskyldige.

Du kan ikkje redde verda, men du kan gjere din del. Syngje når du ventar på bussen, smile til framande, og bake kjeks til neste fotballkamp.

Og neste gong du er ueinig i det alle dei andre rundt bordet seier - sjølv om det er seks mot ein - så skal du ha mot til å seie i frå.

Empati er ein tapt kunst.

onsdag 11. november 2015

Kanskje

Stol på meg.

Eg veit det er mørkt og kaldt og jævlig. Eg veit det er mykje du ville ha gjort, men det er best å møte verda litt etter litt. Du treng ikkje gå ut. Ikkje i dag. Kanskje eg kan halde deg i handa. Kanskje me berre kan sjekke posten? Nei, det er greitt. Eg forstår. Kanskje i morgon. Kanskje neste veke. Kanskje du finn noko i avisa som du har lyst til å prøve? Ei av dei damene med milde auge. Det står her at du kan ringje dei, så du treng ikkje forlate senga. Vêrmeldinga seier det er moglegheit for snø i morgon. Kanskje du vil vere med meg ein tur då? Gatene vert så stille når det snør.

Du treng ikkje unnskylde deg, det går fint. Så lenge du ligg her, er det her eg vil vere. Du kan stole på meg. Det vert sikkert betre i morgon.

torsdag 13. august 2015

Læraren til Christine er ein drake

Det tok tid og krefter å få det bekrefta, men no er Christine overbevist: Læraren hennar er ein drake.

Ho byrja å mistenke det mot slutten av den fyrste månaden, då ho skulle gå heim for dagen og såg frøken Fransen stå gøymt bak ein av bossdunkane på parkeringsplassen. Det var nokre meter mellom dei, men Christine var sikker på at ho såg noko gløde i munnen til læraren hennar.

Christine veit ikkje så mykje om drakar, men ho veit at dei kan ikkje brenne seg på sine eigne flammar. Det har noko å gjere med korleis kroppane deira ser ut på innsida; som om dei er brannsikra. Kanskje heile kroppen til frøken Fransen er som ein brannstasjon, med vasslangar, sprinkelanlegg, og brannsløkkingsapparat. Kanskje heile magen hennar er full av vatn og skum.

Medan dei var på skulen, gjorde ho alt ho kunne kome på for å avsløre frøken Fransen, men ingenting fungerte. Ho passa på å stille så mange spørsmål som mogleg i timane, slik at ho kunne sjå etter røyk eller flammar medan frøken Fransen svara henne, men det einaste som kom ut av læraren var ei sterk kaffiande og lange setningar utan komma.

Sidan spørsmålsstrategien ikkje fungerte, byrja Christine å mase på frøken Fransen. "Kanskje ho berre viser drakenaturen sin når ho er sint eller stressa," tenkte Christine, "Slik som herr Eilertsen i 4B som vert forvandla til ein snegle når han køyrer bil."

Det einaste masinga førte til var ein telefonsamtale mellom frøken Fransen og foreldra til Christine.

Christine prøvde å forklare situasjonen, men foreldra hennar forstod ingenting - som vanleg. Det var ikkje før dei møtte på frøken Fransen på nærbutikken at Christine endeleg kunne bevise det ho hadde snakka om det siste halvåret. "Mamma, pappa, sjå! Eg sa jo at frøken Fransen var ein drake! Ho står rett der borte og sprutar røyk ut av nasen sin!" Foreldra hennar berre lo og sa at det var slikt nokre vaksne likte å gjere, og at det ikkje tydde at dei var drakar, men Christine visste betre.

Ho kunne skimte vengene under vinterkåpa.

onsdag 24. juni 2015

Dei drar

Dei bur i same by, men ulike statar.
Dei snakkar i lag kvar dag, men ser ikkje kvarandre.
Dei søv i same seng, men kan aldri høyre den andre puste.

Dei drar frå kvarandre kvar natt.

mandag 25. mai 2015

Introduksjon til Kroatia

I Kroatia har dei ferskenfarga toalettpapir og ispinnar oppkalla etter Kon-Tiki og Snøkvit.


Dei har barar på utsida av dei gamle bymurane med utsikt til havet, og barar med badekarsofaar og tørketrommelbord.



Dei har strender fulle av små, glatte steinar, og kafear inne i grotter.





Dei har hengjelås-par som eg håper er like forelska og har det like bra (eller betre) no som då.



Dei har veldig mykje god mat i lausvekt og mange fine veggie-produkt.



Dei har leilegheitar som har vore tesjapper, og parkeringsplassar med fargerike markørar.





Og dei har fine himlar.




onsdag 22. april 2015

Eg veit korleis kjærleik ser ut

Eg veit korleis kjærleik ser ut.

Eg kjenner kvart ansiktsuttrykk,
kvart tonefall,
kvar kvadratmillimeter av hud.

Eg kjenner kvart kyss.

Eg kjenner alle dei beste måtane å liggje ved sida av kvarandre utan at armane sovnar,
og eg kjenner kjærleiken så godt at eg veit når han treng fred.

Eg kjenner kjærleiken fordi eg sovnar ved sida av han kvar kveld
- alltid til venstre, same kvar me er -
og der drøymer eg dei vakraste draumane i mitt liv.

tirsdag 21. april 2015

Baristablekksprutar og kollektivkvalar

Du sit på trappa ved bygningen der du bur og ventar. På vegen framfor deg symjar kvalar forbi og menneske vinkar til deg frå vindauga kvalane installerte under den trafikale revolusjonen i 1995. Trea er fulle av kjærleik på pinne, og ei jente med langt, lyst, krøllete hår vinkar til deg frå den øvste kjærleiken som får deg til å tenkje på då du gjekk på skulen og meinte at det fanst slott i kvart blomsterbed.

På yndlingskafeen din er alle dei tilsette blekksprutar og edderkoppar - fordi dei er så mykje meir effektive enn vanlege hundar eller kanarifuglar - og alle veit at svarte enker lagar den beste kaffien.

Du prøver å teikne han som sit på bordet ovanfor deg, men andletet hans er så vakkert at du klarer ikkje få det ned på papir. I staden for går du bort og spør kva han heiter, og han stavar namnet sitt i handa di. Innan han har skrive den siste bokstaven, veit du at de kjem til å ende opp i same trekrone. De finn den nærmaste kollektivkvalen og seglar heim til leilegheita hans som er ei sky som i Mummidalen, eller kanskje ho er sukkerspinn, og du lurer på kva det var du eigentleg skulle gjere då du stod opp i dag, fordi alt følest så lite viktig i det augeblikket.

Når sola strekkjer på strålene sine, er du allereie på veg heim. Du fann ein hai i siste liten. Og du veit med heile ditt hjarte at i morgon kjem du til å vakne og verda kjem til å vere kald og trist og mørk, men du har levd nokre timar i ein by med kollektivkvalar, baristablekksprutar, og godteritre, og det er nok til at du kan halde ut.