tirsdag 4. januar 2011

Det finaste eg veit

- Auge

- Bibliotek

- Bølgjer

- Café Moody

- Engelsk/England

- Frost

- Fyrverkeri

- Gamle par som held hender/viser at dei er glad i kvarandre

- Hender

- Hercule Poirot

- Hyller fulle av bøker

- Kattedyr

- Kjærleik

- Krøller

- Lukta av (gamle) bøker

- Menneske

- Mummidalen

- Museum

- Regnbogar

- Roser i sjatterande fargar

- Skrivemaskinar

- Skyer (og himmelen) sett frå eit fly

- Snø

- Solsikker

- Tausheit på film

- Teater

- Timeglas

- Venleik blant framande

- Vind

- Vindeltrapper

- Å dele ei vedunderleg oppleving med nokon ein er glad i

- Å gå på konsert utan å ha høyrt om artisten/bandet, og ende opp med å elske det

- Å hoppe hemningslaust i søledammar med støvlar på

mandag 3. januar 2011

Nyttårshelsing

Å opptre i ein tom sal,
kjenne huden din mot min
og i det eine vengjeslaget forstå korleis alt fungerer.

Før det flyr vidare,
til nye vidder,
til der sola alltid varmar og eg skjøner det no.
Eg skjøner kva som motiverer deg,
og kvifor me sit fast på kvar vår øy.

Dei lange slettene buktar bortover og eg ser håret ditt i sanden.
Eg ser kvar bit av deg,
kasta,
som om du ikkje er verdt noko no når me ikkje kan halde hender lenger.

Men du er i stjernene,
du er som den gamle, kloke løva som seier at alt heng saman,
me er alle del av krinslaupet.

Sjølv om me ikkje har same kultur,
sjølv om tonane dei speler verkar framande for oss,
ler me når me har det morosamt
og skaper salte sjøar når me helst vil vere ein heilt annan stad.
Når verda ser ut til å breste.

-

Difor kanaliserer eg ein annan stemme
og håpar du skjøner kva eg meiner når eg seier at eg elskar deg.
Sjølv om eg aldri har sett deg.
Heldt rundt deg.
Snakka med deg.

Frå eitt menneske til eit anna:
Eg elskar deg.

tirsdag 28. desember 2010

Eg drøymte om deg i natt, for fyrste gong på over eitt år var mørkret dedikert til deg, og eg lurte på korleis det hadde vore å dele livet med deg. Faktisk dele det. Fifty-fifty. Der alle tårene var våre, og ikkje mine. Og der smila mine var ekte sjølv når du ikkje var der.

Eg dveler ved kjærleiken. Ser deg, men prøver ignorere, fordi eg må vidare.

Men du skjuler deg framleis i bølgjene og kafékrokane, og eg tar meg sjølv i å tenkje at dette skulle eg så inderleg gjerne ha delt med deg. Dette livet. Desse dagane. Desse draumane. Der du sit alvorleg i uniform og får ikkje sagt eit ord. Tar stumt i mot ordre, og eg vil halde rundt deg, men du sit fast der på lerretet, kjære Benjamin. Troppene har dratt og du er åleine i den mørke kinosalen, med barrikaderte dører.

Ingen har fortalt deg at krigen er over.

tirsdag 21. desember 2010

Ei julehelsing

Eg likar å vere nyfiken, å undre meg over korleis ting fungerer. Bevare noko av det barnlege.

Eg skjøner ikkje korleis musikk kan hamne på plater eller i datafiler. Eg veit teknologien, men eg skjøner det ikkje. Det, og liknande fenomen, er mirakel i mine auge, og eg er evig takknemleg for dei.

Det er viktig å vere takknemleg, same om det er små eller store saker. Å framleis kunne verdsetje noko ein har hatt i livet sitt over lang tid. Å sjå ut på landskap ein har sett nærmast dagleg som om det er heilt nytt for ein. Og i blant opplever ein noko ekstraordinært, og ta vare på dei stundene, men ikkje la dei ta over. Ikkje gløym at sjølv det du reknar som ordinært vil for andre vere ekstraordinært. Eit glas vatn, gode foreldre som er glad i deg. Fri vilje. Ytringsfridom.

Så tenn eit stjerneskot, tenk ein fin tanke, send varme ord. Sei til dei du elskar kva du føler om dei, og ha ei vedunderleg jul fylt med fine folk, god mat og drikke, og mykje, mykje kjærleik.

God jul, elsklingane mine!