onsdag 26. januar 2011

Day III

1. Aleksander og Elisabeth, dei er så søte og morosame og fine:



2. Craig Ferguson, fordi han er den mest tullete, men samtidig ærlegaste og herlegaste mannen eg veit om, sånn cirka. Og så er han ikkje redd for å dumme seg ut eller seie nøyaktig det han meiner/tenkjer:




3. Eddie Izzard. Ein ytst briljant mann med ytst briljante idear og tankar, samt han er pretty darn cute:




4. Ellen DeGeneres, fordi ho er omtrent den finaste og søtaste kvinna eg veit om og eg byrjar å smile berre ved synet av henne:




5. Knut Nærum/Nytt på nytt, fordi han/det rett og slett er genial(t):


tirsdag 25. januar 2011

Day II

2. Ein ting du har kjempelyst på akkurat no.

Eg har lyst på ein slik fin ein. Ein som held rundt meg i tjue minutt without an ounce of selfishness to it. Ein slik som ein ikkje merkar at minutta passerer i lag med slik at det plutseleg kanskje har gått fleire timar, og ein held berre rundt kvarandre og deler kvardagskjærleik og fine tankar.

mandag 24. januar 2011

Day I


1. 15 spanande og fine fakta om deg + eit bilete. ... Vel, det kjem i alle fall til å vere fakta.

1. Eg gir namn til alle (dei viktigaste) tinga mine.
2. Å bestemme meg for å slutte på Skeisvang (og året etter byrje på Vardafjell) er sannsynlegvis den beste og største avgjerdsla eg har gjort til dags dato.
3. Eg har 350 DVDar, men klarer alltid finne fleire eg har lyst på.
4. Majoriteten av venene mine har eg møtt gjennom Internett (og resten har eg stort sett vorte kjent med fordi me har gått i same klasse/på same skule).
5. Nokre ord er eg konstant usikker på korleis eg skal skrive, og då søker eg på Google (engelsk) eller i UiO si ordbok på nett.
6. Eg hadde hund som kjæledyr i ei veke, han heitte Frost og var ein dvergschnauzer.
7. Facebook og Gmail er alltid opne på nettlesaren min, og når eg fyrst startar opp Google Chrome opnar eg dei faste sidene i alfabetisk rekkjefylgje (DeviantArt, Eztv, Facebook, Gmail, Hotmail, YouTube).
8. Eg er konfliktunnvikande og ikkje spesielt flink til å krangle, eg byrjar som regel å gråte, le eller berre gi opp. Eg klarer heller ikkje å vere langsint.
9. Etter kvart som eg vert eldre har eg fleire og fleire byar/land eg vil reise til.
10. Det følest som om eg har vorte reddare og mindre trygg på meg sjølv i seinare år, men eg veit ikkje kvifor.
11. Nokre gonger får eg lyst til å klemme eller kysse ein framand.
12. Eg skulle ynskje me hadde meir dansing i dagleglivet.
13. Ein dag kom eg på dette ordet: "kvardagskjærleik", og eg syntest det var så fint at eg har det som standbynotat på mobilen min slik at det alltid er synleg.
14. Eg synest det burde vere mogleg å sende kjærleik på same måte som ein sender ei tekstmelding, fordi nokre gonger er ikkje ord nok, og av og til klarer eg ikkje skildre ting så godt som eg har lyst til.
15. Dersom du spør meg, så er puslespel den beste terapien som finst.

søndag 23. januar 2011

Keeping up with the Joneses

Eg heng meg på trenden og skal prøve gjennomføre denne 30 dagars bloggutfordringa. Punkta er som fylgjer:

1. 15 spanande og fine fakta om deg + eit bilete.
2. Ein ting du har kjempelyst på akkurat no.
3. 5 ting som får deg til å le.
4. 10 ting som er superfint hjå det motsette kjønn.
5. Yndlingssongen din for tida.
6. 10 ting du vil gjere før du døyr.
7. 5 ting du elska då du var yngre.
8. Eit outfitbilete.
9. 10 morosame/fine ting i huset/leilegheiten din.
10. Ein situasjon du kunne tenkje deg å vere i om 5 år.
11. Eit bilete av utsikta frå valfritt vindauge i huset/leilegheiten din.
12. Ei spanande/morosam historie.
13. 10 ting du verkeleg set pris på.
14. 5 ting som er bra med livet ditt akkurat no.
15. Ein rar/fin draum du har hatt.
16. 5 ting du ynskjer deg til jul.
17. Oversikt over kva du har i veska.
18. Noko som rører deg.
19. Ei oppskrift på noko godt.
20. 5 fine ting med våren, sommaren, hausten og vinteren.
21. Ei bok som har tydd mykje for deg.
22. Favorittprodukta dine (hår, sminke, hygiene osv).
23. 5 dyr du kunne tenkje deg å ha (treng ikkje vere tradisjonelle husdyr).
24. 10 fine bloggar.
25. Eit bilete der du er kjempekjempeglad/smiler.
26. Forklar korleis det kjennest for deg å vere forelska.
27. 5 stader som er fine å vere på.
28. Ein måte du kunne tenkje deg å tilbringe påskeferien på.
29. Nokon du saknar.
30. Noko som kjem rett frå hjartet, i form av tekst/bilete/video/teikning/kombinert.

Bloggutfordringa er laga av Synne.

Kjærleik er alt

Du gav meg eit slikt kyss som ein gir av gammal vane. Eit kyss då me møtte kvarandre i gangen, eit kyss om morgonen før du drog på jobb. Alltid eit kyss før kaffien. Kyssa dine heldt meg i live. Og eg kjenner håret ditt slik det var då eg leika med det, medan du låg med hovudet ditt i fanget mitt og var nær ved å sovne. Eg hugsar vinylplatene som snurra, den forsiktige skurrelyden frå lydanlegget som resonnerte mellom veggane. Eg hugsar huden din, den mjuke, varme huden, og kor lett det var å få deg til å le.

Innimellom var det kranglar og eg var ikkje bygd for det, heva stemmar fekk meg alltid til å gråte, men det hadde ikkje noko å seie så lenge du framleis var der. Så lenge du vart igjen. På kjøkenbordet stod ein tivoliradio, og me hadde wienervals til middag og argentinsk tango til kvelds. I blant ein rumba til nattmat, når månen var på sitt beste, og du var så vakker i lyset frå den litle gatelykta utanfor soveromsvindauget.

Me skreiv sitat med kalligrafipenn på dei lyse veggane, fine ord på språk me ikkje skjønte, men me elska orda likevel. Elska det ukjente fordi det var seg sjølv, fordi det førte oss nærmare dette eine som me var heilt sikre på, dette eine ingen kunne ta frå oss.

Kjærleik er alt.