onsdag 19. desember 2012

Hugseliste

♥ Hugs at det kjem betre dagar.

♥ Hugs at det finst snømenn og barnelatter og skyer forma som kaninar.

♥ Hugs at eg hadde gitt deg ein klem om eg hadde hatt sjansen.

♥ Hugs at det finst te og kaffi og varm sjokolade og godteri som smeltar på tunga.


♥ Hugs at det framleis er mykje me ikkje veit om verda, og at sjølv om det kan vere litt skummelt så tyder det òg at me framleis har mykje me kan lære om og verte forbløffa over. Og kanskje det til og med vil få oss til å smile.

♥ Hugs at du er god nok. Bra nok. Flink nok. Smart nok.

♥ Hugs at det finst lange, varme omfamningar.


♥ Hugs at du er vakker.

♥ Hugs at du er viktig.

♥ Hugs at du er elska. Alltid.

lørdag 8. desember 2012

Vintermørkret

Av og til må ein minne seg sjølv på å puste.

Eller ein står midt i ei trapp og treng litt tid for å hugse korleis ein går vidare.

Du verka alltid så sikker, men eg kunne sjå tankehjula knyte nevar rundt hjartet ditt og det kom ikkje til å ta lang tid før eg stod på fortauet igjen, kald og forlatt. Ikkje ein gong stjernene ville møte blikket mitt den kvelden, eg trur dei skamma seg meir enn deg.

Det finst eit golv utanfor leilegheita mi, det dannar eit intrikat mønster av små puslespelbitar med strekar som eg aldri tør å trø på. Bestefar sa at om eg trødde på strekane, så kom noko farleg til å skje med ein eg var glad i. Difor trør eg aldri på strekar, sjølv om eg tar tablettane mine kvar dag og lukkar auga når eg går ut døra for å handle mat (ein banan, ein klementin, to poteter, fire dadlar, sju esker med pastillar), eller for å tenne lys på graver til gløymde menneske som ikkje får besøk.

Dei seier det vert betre.
Dei seier det vert lyst igjen.
Dei seier det finst te og sjokolade og varme omfamningar.
Men eg ser berre mørkret og stormen som ventar på meg.

Heime er der kjærleiken er

Her har eg vore sidan laurdag:




Eg har sovna til lyden av kjærastepusting og ete frukost saman med han eg elskar. Eg har skrive ferdig heimeeksamen, fordi heime er der kjærleiken min er, og eg har prøvd så godt eg kan å lese til munnleg eksamen som er på tysdag.

No er eg tilbake i Bergen, tysdag er skummel og kveldane er mørke, men eg har fått julegåver i posten som eg skal pakke inn og gi bort til fine menneske, og snart er det juleferie med baking og pynting og familietid og endå meir kjærastekos.

onsdag 28. november 2012

Vinter

I dag er eg 23 år og åtte dagar, det nærmar seg desember og eg vart ferdig med julegåvehandelen i går (utanom nokre ting eg skal lage sjølv og leggje ved tre gåver).

Eg går ut i frå at eg har eit litt komplisert forhold til jul. Magien som fylgde med dagar som 17. mai, bursdagar og julafta er stort sett borte, så eg prøver heller å skape nye forhold til dagane, slik at dei vert mine eigne igjen. På same måte som eg liker å finne eigne stader og ting i byar mange andre òg har forhold til, som å dra til London for å finne igjen bygget dei filmar utsida av til Poirot-episodane i staden for å ta ein turistbuss og sjå Big Ben for nte gong (ikkje at det er noko galt med det heller), så finn eg nye måtar å gjere desse dagane fine på. Til dømes å dra på tivoli med ei god veninne på 17. mai og ta karusellar og ete sukkerspinn og gå i eit minitog på fortauet som berre består av henne og eg, og syngje songar den fyrste læraren min på barneskulen lærte meg.



Kanskje det er slikt som skjer når ein vert eldre, dei raude dagane på kalenderen handlar om så mykje meir no, ein tar på seg større ansvar og kan ikkje lenger berre gå rundt i ein blå fløyelskjole med sølvstrømpebukse og leike at ein er Sonja i Reisen til Julestjernen.

Likevel finst det framleis mykje vakkert der ute, kvardagskjærleik og kvardagsmagi, som å finne og lage julegåver ein veit at andre kjem til å elske. Eller å prøve ut ei ny oppskrift og lage vegansk julegodt til heile familien. Eller å gå på snø og høyre han lage nøyaktig dei same lydane som då ein var liten og var ute i fleire timar i strekk og gjekk opp og ned den same bakken fordi ein fekk aldri nok av å renne med akebrett.


Eg veit at mange har det vondt i jula, og ein kan lett få hovudverk når alle butikkane speler kvar sin musikk og kjøpesenteret i tillegg har sin eigen musikkagenda, så eg har laga ei alternativ juleliste - meir ei vinterliste, eigentleg - og om de vil kan de lytte til dei same songane de òg.
(P.S.: Eg skulle hatt med nokre songar frå Jag Kommer Hem Igen Till Jul av Peter Jöback òg, men eg hadde gløymt ut heile CDen då eg laga lista. "Viskar En Bön" er fin, til dømes.)