mandag 31. desember 2007

Ok,

med eit nytt år på tampen, så bør eg vel klare å skrive eit nytt blogginnlegg (som eg kanskje ikkje slettar med ein gong).

I dag er det nyttårsafta og det ser ut til å verta den kjekkaste nyttårsfeiringa eg har vore med på (den aller beste nyttårsfeiringa som har stått på to bein!), noko gong, det er til og med meldt bra vêr! :D Me skal snurre med stjerneskot og lage fine mønster oppe på nattehimmelen. Me skal klemme og me skal skåle og eg skal smile og verkeleg meine det!

Fordi eg har flotte vener som eg er glad i, og som er glad i meg. Og kven veit kva 2008 kjem til å by på? Det kjem i alle fall til å by på nye hendingar og nye sjansar, og det skal verta eit bra år der eg skal ta sakane i eigne hender, som eg har gjort i det året me snart skal seie farvel til. (Goodbye's too good a word, babe, so I'll just say: fare thee well.) Og honesty er verkeleg the best policy, uansett kva andre kanskje har sagt til deg. Er ein ærleg kjem ein langt, lengre, lengre enn langt! Og Fru Kemnar med Vidar Johnsen og Peter Nordberg har ein av dei mest sexy introane som finst, og er ein av dei kulaste songane nokosinne, så det så!

12 kommentarer:

  1. Vi skal ha det skitkul!

    SvarSlett
  2. eg trur eg blir sittande hima :/

    SvarSlett
  3. Siri: Ja, det gjer me verkeleg!

    Hilde: Vart du verkeleg heime? Du skulle ha vore med oss heller!

    SvarSlett
  4. Ja!
    Eg sko kanskje ver med B, men hu tok aldri kontakt igjen. Og Heine visste kje kor han sko. Så blei eg invitert te Nedstrand av ein dude eg kjapt nok kjenne, men eg hadde jo kje komt meg him igjen. Og så va det festen som Floyd og Aleksander sko på, men der va det kje plass nok på vorspielet (eg kjenne typen te hu som sko ha vors, så eg trygla han, men neeeida :P ). Ellers så konne eg ver med eit par kompisar å sjå film, eller værr med te Bua, men der va det ingen så sko drikka, merkelig nok. Og Lisa sko på fest med Andreas, men spørte kje meg, fordi hu trudde eg sko ver med BjørK. Gaah. Då va eg hima og venta i spenning på om nåken savna meg nåken plass :p Haha, nåke som ingen gjorde xD

    SvarSlett
  5. Eg trur mången e sure på meg siden eg ikkje har hatt mobilnett på 3 veker nå! (ja, på fredag e det så lenge si :S) Skremmande :P

    SvarSlett
  6. DU SKULLE HA VORE MED OSS!!! Me hadde plass.

    Og det er då ikkje din feil at du ikkje har mobilnett.

    SvarSlett
  7. Heh, eg ville kje trenga meg på :)

    Asj, du sko bare visst ka B fortelle meg at Heine har sagt nå, på msn :/ Gaah.

    SvarSlett
  8. wee for positivitet, og så må du treffe meg igjen. ithink. 8)

    SvarSlett
  9. Ja, wee!

    Ja, så absolutt! :D

    SvarSlett