søndag 9. mars 2008

Absurditetar og snurrepipperiar

Inspirert av Oda sitt random facts-innlegg, har eg æra av å presentere nokre småsære, unødvendige fakta om Birte...

Eg:
- har eit bestemt oppsett på korleis eg pussar tennene mine. Så og så mange puss på den eine sida nede, så like mange puss på den andre sida, så den eine sida oppe, så den andre sida oppe, så bak tennene, så framme etc.
- klarer aldri å halde skummet inni munnen når eg pussar tennene, det byrjar alltid å sive ned langs tannkosten og så må eg spytte det ut. Difor misunnar eg skodespelarar som klarer å pusse tennene sine på film utan at det hendar, og eg lurer fælt på korleis dei får det til.
- seier eit ønske og blåser bort kvar einaste augevipp som faller av.
- er ein skriftleg språkperfeksjonist og vert skikkeleg frustrert når eg ikkje hugsar/veit korleis eit ord vert skrive.
- veit aldri heilt kvar orda eller tekstane mine kjem i frå, det er som om dei kjem frå ein stad utanfor meg sjølv, og difor hugsar eg aldri kva eg har skrive og må lese det om igjen etterpå.
- synest ikkje eg er noko flink til å skrive, men sender rundt tekstar for å fortelje folk korleis eg har det, fordi eg brukar dikta/tekstane mine som ein type dagbokinnlegg.
- vert fjollete av anten for lite eller for mykje søvn, for mykje vil seie sju timar+, for lite er to-tre timar. Det er ei hårfin grense mellom for lite og for mykje og det er sjeldan eg verkeleg har ei god natt med søvn.
- har aldri sove så godt som den natta eg tilbrakte på sjukehus då eg nesten måtte operere bort blindtarmen min.
- ser ut til å utvikle fleire og fleire allergiar.
- elskar å kunne overraske/sjokkere.
- faller ikkje for menn under 30. Eg veit ikkje kvifor, eg er berre ikkje tiltrukken av gutar/menn på min eigen alder.
- likar å bruke framandord fordi eg synest det er trist korleis dei forsvinner, sakte, men sikkert, i frå språket vårt.
- likar òg å bruke litt gammaldagse ord, same grunn som grunnen ovanfor. Døme på eit slikt ord er: fabelaktig, og ordet som Oda ikkje er så fan av: ærverdig.
- lurer på om eg var Agatha Christie i eit tidlegare liv.
- er gift med ein fiksjonell romanfigur: Hercule Poirot.
- sparer på tekstmeldingar og mailar som avsendarane sannsynlegvis såg på som daglegdagse og trivielle, og som dei vert overraska over at eg har spart på. Eg hadde 180 meldingar i mobilinnboksen for ikkje så lenge sidan, men eg har vore flink og sletta, så no er det berre rundt 60 igjen. (Men eg bør kanskje nemne at eg har skrive inn mange av SMS-ane på lappisen min.)
- er veldig glad i å ha kallenamn/kosenamn på menneske eg omgir meg med, og å bruke dei ofte. Ikkje sant, butterscotchbunny og Weird Al?
- har veldig sterke kjensler, men prøver å ikkje vise dei for mykje, sidan dei kan vere litt ekstreme.
- føler meg mykje eldre enn det eg er, og likar tekstmeldinga eg fekk av Lorelei for lenge sidan, der det stod: "(...) Nå sitter jeg og kjæresten og synger hovedøen med hans ukulele, som jeg gav han i bursdagsgave i dag (ja, han har allerede syv gitarer) og så tenker jeg; ja, Birte er jo også litt sånn. En gammel dame i en ung kropp.. Og det er et kompliment, altså:-)".

17 kommentarer:

  1. AWWW, sweetheart! Så mye rart og pent! Det der med tannbørsten, det var virkelig... Spesielt! Raaaaart. Det vil jeg gjerne se en gang. :P

    SvarSlett
  2. Jepp! Weird Al e morsom(t).... :P
    hehe

    SvarSlett
  3. BTW: *ding* i glasset! (for tittelen) :D

    SvarSlett
  4. Heh, ja, du/det er det. :P

    Takk. :D

    SvarSlett
  5. Du huske vel at du må bytta på kor du pusse? ;)

    SvarSlett
  6. Pusse du hardt? Min tannkost ser ut som an e 5 år gammal itte ei veka... Derfor så pleie kjeresten te Tone å kjøpa ein 3-pakning før an reise, og syns det e lika løye kvar gong an kjeme på besøk og studere tannkosten min xD Ergo; Ein holde bare ut i 5 dagar med meg! xD

    Det va gøy å lesa! :D

    SvarSlett
  7. Siri: Heh, ja, eg tenkte over det då du sa det, men nei, eg gjer eigentleg ikkje det. Men eg prøver, i blant, når eg hugsar det.

    Hilður: Eh, nei, ikkje spesielt, trur eg... Haha, faktisk. :P Litt frekt då...

    SvarSlett
  8. Bra du syntest det var gøy å lese, forresten. :)

    SvarSlett
  9. Jeg har også et pussesystem! Og jeg irriterer meg grønn over orddelingsfeil. Og sykehussenger er faktisk myke og gode. : D

    SvarSlett
  10. Yay, I'm not alone! :D

    Eg irriterer meg over alle
    språkfeil. :P Mest om eg gjer dei sjølv, trur eg.

    Ja, dei er kjempegode! Men iv-en gjorde det litt vondt då, særleg sidan eg plar snu meg i søvne...

    SvarSlett
  11. Ennå ein kommentar om tannpussing:
    Hørres ut så du bruke for mye tannkrem. Noenganger bruke eg så lite at eg må ta mer for d føles så eg pusse tennå me vann. Tar eg for mye fyke d ut alle veier.

    :)

    SvarSlett
  12. Eg har prøvd ulike mengdar, men det vert aldri rett...

    SvarSlett
  13. DEWD, jeg også bare utvikler flere og flere allergier! jeg synes jeg er allergisk mot alt for tiden jeg, it suxxx

    forresten er det lenge siden jeg har pratet med deg, det går så dårlig uten bs. det må gjøres noe med, tralala. husker du da jeg ringte deg og vi snakket kjempelenge? i do. og da vi var på skype 8) good times, good times.

    SvarSlett
  14. Yay, I'm not alone (atter ein gong)! :D

    Aaaawh, ja! Facebook? I miss thee, Lisapisa. <3

    SvarSlett
  15. jeg skal gå og poke deg nå
    muhaha

    SvarSlett