søndag 13. april 2008

Ulla tidy uuup?

Det vert kalla å rydde, men det har ikkje vore så rotete på veldig lenge:

Her er nokre av tinga som skal på loppemarked. Nokon som ser noko som ser spanande ut?:

Skapet mitt ser merkverdig tomt ut (forutan kleda) og eg har ikkje lyst til å setje ting inn igjen, men eg vil jo gjerne kunne sove i senga mi om ikkje alt for mange dagar...

Om eg får selt noko i staden for å berre gi det bort, får eg kanskje pengar nok til å kjøpe enno ei CD-hylle, fordi noko tydar på at eg har behov for det:

Forresten, her er natt"bordet" mitt:

Og midt i (nei, eigentleg meir til venstre for) dette kaoset, ligg det nye puslespelet mitt som eg så vidt har byrja på. Eg må nemne at eg byrja på det før mamma bestemte seg for å ha storopprydding i huset. For å unngå å måtte rydde og tørke støv i kvar einaste hylle og kvart einaste skap i resten av huset, tok eg heller ansvar for rommet mitt. Stakkars puslespelet.

Eg har i det minste kome lenger på det no, enn då eg tok biletet. Eg har pusla heile gjerdet på brua som går horisontalt over biletet, og eg har til dels sortert brikkene. Alle dei rosa brikkene av himmel og vatn har hamna oppi eska, brikkene eg er rimeleg sikker på skal vere til kuppelen etc. ligg for seg sjølv og det same gjer alle brikkene som både har bygningar/tre og himmel på seg, som altså lagar skylinen.

Og så må eg hoppe over til noko heilt anna og fortelje om Konandrian, miniedderkoppen som besøkte meg på skulen på... var det onsdag? Utruleg dårleg bilete, men Konandrian er den mørke prikken her. (Mobilpower, btw.):

Eg gav Konandrian fridommen tilbake ved å ta han ut (hadde han fått vere igjen i klasserommet, hadde nokon drept han, både Oda og Siri syntest han var både ekkel og skummel).

Då eg kom heim, fekk eg ein ny edderkoppven, den nye venen kalla eg Peder, men han døydde ein brutal død. Eg skulle hjelpe han ut, men han mistolka det og rømte, så eg skulle vente til han kom fram igjen, men i mellomtida fann mamma han og då enda han opp i doskåla. R.I.P. Peder. <3

Og no er det leggjetid, men where oh where skal eg sove? Kanskje eg skal låne senga til Bjarte, han har budd så mange år i Bergen no at han umogleg kan ha noko i mot det...

Som ei god natt-helsing legg eg ved eit bilete som viser nesten heile DVD-samlinga mi:

Good night, sleep tight, don't let the bed bugs bite. If they do, find a shoe and beat 'em up 'til they're yellow and blue.

16 kommentarer:

  1. Ooooh, Shakadal! Ein ny vén?

    Du har litt mange DVDer, Birte....


    Oioioi, kan jeg kjøpe katteeskeloppisen din? Jeg har forresten mange ting som skulle ha vært på et loppemarked, det er bare å melde sin interesse.

    SvarSlett
  2. Eg trur spam er eit betre namn på Shakadal enn ven...

    Yeah, I know. :D/:(

    Uhm, sure. Oppi ligg det tre tomme fotoalbum som det òg er kattar på. Kva gir du?

    SvarSlett
  3. Fem milliardar kroner!

    Nei, okey, hvor mye vil DU har for dem?

    SvarSlett
  4. Eg trur Spam er ein dårlig vén.

    SvarSlett
  5. Omg, hvor har du fått alle de tingene fra? xD Du trenger jo ikke ta vare på ABSOLUTT ALT. Be a little mean sometimes, it works perfectly, and when you realize how much crap you've kept, you'll feel so much better. Promise.

    SvarSlett
  6. Fie: Eh, I don't know, 50-100 kr. or something? Og ja, ein veldig dårleg ven. *hmpf*

    Val: Uhm, life? I know, eg har hive ein HAUG med ting, I swear! Men det vert mykje likevel. Og eg har meir i boksar oppe på taket på den nye garasjen og inni kottet og, ja... :P

    SvarSlett
  7. haha detta minne om i sommar når eg fiksa romme mitt. eg heiv øve 4 bossekkar +++

    SvarSlett
  8. Jammen, omg, for et innholdsrikt liv du har hatt da xD

    SvarSlett
  9. Siri: Hehe, ja, eg hadde ein annan opprydding i haust, trur eg det var, gjekk nokre sekkar då òg... Forresten så har eg rydda i kommoden min òg. :P

    Val: Haha, yeah, obviously. xD

    SvarSlett
  10. Eg lika å kasta ting, men så lika eg òg å samla på di sånn at eg kan laga nåke nytt av di :P Haha.

    R.I.P. Peder. ;(

    SvarSlett
  11. Ja, same her.

    Stakkars Peder. =/

    SvarSlett
  12. D e så morsomt å lesa bloggen din, for når eg lese an, hørre eg for meg deg :P Akkurat som ein slags koselig reportasjedokumentarthingy :P

    SvarSlett
  13. Awh, så kjekt å høyre, tusen takk. :)

    SvarSlett
  14. jeg skal rydde ut hyllene mine! OMG jeg gleder meg :D tomtomtomtomtomtomtomtom og jerry?

    SvarSlett
  15. Ooooh, sounds cool! :D

    Som eigentleg heiter Thomas. :O

    SvarSlett