søndag 1. juni 2008

Everybody must get stoned

Eg har vore ein del av ein gjeng på 22.000 menneske som stod og song Just Like a Woman. Eg har sett ein vaskeekte alkoholikar med flaska si gøymt nedi ein grøn pose, ein britisk paparazzi med eit fylgje på to stykk, der den unge hadde ein aura som gjorde at han minna meg om Jason Schwartzman og den gamle drakk på noko uidentifiserbart på ei lommelerke. Og eg har høyrt middelaldrande menneske syngje til ein svensk song der dei stemte i "KOKO!" annakvart sekund. Med andre ord: Eg har vore på Bob Dylan-konsert.

Det er noko heilt spesielt med å sjå ei legende opptre. Det treng ikkje vere yndlingsartisten din ein gong, fordi dette er ein person som heile verda veit kven er. Ein person som ein har sett filmar om. Ein person som Harry Camping i Stavanger selger bilete av, i lag med stillbilete i frå Gudfaren-filmane og A Clockwork Orange. Det er Bob fucking Dylan. Mannen med stemmen, med meiningane. Don't Think Twice It's All Right, Like a Rolling Stone, Masters of War, Rainy Day Women #12 And 35. Alt var der. And it was fabulous(!).

Og yeah, eg var slem, eg tok bilete med mobilen. Omgomgomg.
For interesserte:

Paparazzien:

12 kommentarer:

  1. Bob Dylan? Eg er kjempemisunneleg! Paparazzien var litt søt.

    SvarSlett
  2. Indeed. Viking Stadion. :)

    Haha, joda. :P Han var britisk, det var jo litt kult. Elskar den aksenten. <3

    SvarSlett
  3. Åh, du er heldig. Sang han Mr.Tambourine Man? Det er ein av yndlingssongane mine. Eg hadde den til og med på kasett då eg var veldig liten. ^^
    Britisk aksent er herleg, btw.

    SvarSlett
  4. Whii,bra at det blei gudd!:D

    SvarSlett
  5. (litt kjipt å være på konsert uten meg tho, jeg er liksom den ULTIMATE konsertgjengeren 8):D)

    SvarSlett
  6. Nøve: Nei, afraid not. Det var derimot ein gjeng i publikum like ved sida av meg som song Mr. Tambourine Man før dei kom ut og tok dei to siste songane. :P Og ja, det er ein kjempepen song. Og britisk aksent er to die for. Trur det er min ultimate turn on (too much information?). Ikkje at det gjer kven som helst tiltrekkande, men det er eit gedigent pluss...

    Hilður: Indeed. :D Var gudd på laurdag òg. :)

    Vutarie: Haha, oh yes. :P (Og ja, det har du HEILT rett i. I mean, you're a natural ffs! The hand gesture and everything! Hadde ikkje passa heilt inn med hoppinga and such der, men du hadde nok klart å tilpasse deg fordi du ER jo den ultimate konsertgjengaren. Yes, indeedelidoo.)

    SvarSlett
  7. Fniz, du er ikkje heilt aleine om den der. ^^

    SvarSlett
  8. Ooooh, let's start a group and make t-shirts! :D

    SvarSlett
  9. Det gjer eg òg. Sjølv den styggaste trailertrashen kan verte sjarmør med ein britisk aksent. :)

    SvarSlett
  10. eg hatar deg. litt.
    men samstundes ikkje.

    eg tar tom waits.
    så er me skuls.

    SvarSlett
  11. Christine: Hehe, ja. :P Og dei er så høflege. Det er kanskje påtvunge, men likevel. Gløymer aldri då eg var på språkreise for tre år tilbake og eg var på ein liten butikk/kioskgreie med veldig fullstappa hyller og lite plass til å gå mellom dei. Så kom det ein skikkeleg bikerdude gåande i mot meg med skinnklede og håret i hale. Ja, eg var litt fordomsfull då eg såg han, så eg forventa noko grynting or something, men nei, då han nærma seg meg sa han: "Excuse me...", og eg lét han sleppe forbi. :D

    Hjartesmil: *eek* Don't hate me. :( Og ikkje ta Tommyboy! I need my Tommyboy. *cries like a baby*

    SvarSlett