onsdag 27. august 2008

Meet Adolph

Det var ein gong to unge jenter som var ferdige med å prøve russeklede og gjekk ned til byen (i lag med kjærasten til den eine jenta) der dei to unge jentene til slutt enda opp på ein leikebutikk. På den magiske leikebutikken, blant hyller fulle av dei mest vedunderlege ting du kan tenkje deg, såg dei to veninnene ein stor, vakker plakat som utlyste at det var sal på ein mengde varer. Ei av desse varene var figurar som høyrte til ein jungelsafari og inni den eine eska kunne jenta, som hadde hatt panter som yndlingsdyr sidan ho såg Mummidalenepisoden med trollmannen på den flygande panteren, ein naturtro panter i minisize! Sidan det faktisk var sal og sidan jenta sjeldan fann panterleiker, kjøpte ho ei av eskene til seg sjølv, pluss ei eske med ein puma til veninna. Det fylgte òg med eit menneske + utstyr (kikkert og lommelykt i pumaeska, fotokamera og videokamera i pantereska) i kvar av eskene, samt to lemurar og ein stor stein som dyra skulle stå på. Jenta som betalte spurte ekspeditøren om ho kunne pakke inn eskene, og då veninnene seinare sat på stamkafeen og smilte som små barn, opna dei gåvene, tok ut alle figurane og leika med dei på salongbordet, utan å tenkje over kva dei andre tenkte.

Sidan jentene hadde vore på filmfestival i veka før, vart namnvala påverka av det. Panteren vart heitande prins Temudjin Adolph den VIII (fordi Temudjin var Djengis Khan sitt eigentlege fornamn og fordi Adolf har så trist statistikk (gå på ssb.no/navn, søk på Adolf og sjå sjølv) og pumaen fekk namnet prinsesse Börte Braun den II (fordi Börte var namnet på kona til Temudjin og Braun var etternamnet til kona til Hitler, Börte Eva syntest dei vart ein litt for rar kombinasjon). Det er verdt å leggje til at hovudgrunnen til at panteren fekk namnet Adolph (og at pumaen difor fekk namnet Braun) var fordi det er ein knapp oppe på ryggen deira som er mogleg å trykke ned, og då lyftar dei den høgre poten sin, som minnar om heil-helsinga.

Både prinsen og prinsessa var i dag med veninnene på skulen og då jenta med panteren hadde historie, kom historielæraren bort og uttrykte kor godt han likte prinsen og fortalte så ei lita forteljing om kor slemme romarane var i mot villdyr for fleire tusen år sidan. Dei reiste ned til Afrika, fanga mange tusen villdyr, tok dei med seg tilbake til Romerriket og drap dei så under "førestillingar" i colosseet. Such meanies!

Well, anyhow, meet Prince Temudjin Adolph the VIII and Princess Börte Braun the II:

13 kommentarer:

  1. Haha, cute! Eg hugsar den frå mummitrollet.

    SvarSlett
  2. Aaah , va det sånn den panteren som sto på pulten min og lekte med armbåndet mitt blei te ^^

    SvarSlett
  3. Nøve: Panteren på Mummidalen er best!

    Kristin: Hehe, ja. :P

    Lisa: :)

    SvarSlett
  4. ÅÅ, så utruleg søøøtt!! Eg vil helst ha ei antilope å leike med!

    Koz Spatz (alias Silkeschwarzen)

    SvarSlett
  5. Awh, ja, dei er vakre. :)

    Adolph var med meg på skulen i dag òg. :D

    SvarSlett
  6. du skriv så altfor mykje fint til meg du. eg anar ikkje kva eg skal skriva tilbake.

    takk.
    takk.
    eg meinar det.

    SvarSlett