torsdag 3. februar 2011

50 times over

Hadde eg stått som del av ei oppstilling med 49 andre kvinner, hadde eg vore lett å kjenne igjen. Sjølv om du spurte den gongen i august om det verkeleg var meg, der eg sat på ein stein ved kaien og måtte høyre med besteveninna mi om eg såg syner.

Eg er lett å kjenne igjen, eg har krøllete hår og er som regel å finne i ein kjole med ei delvis usikker sinnsstemning og sjølvmedvitne fakter.

Hadde eg stått som del av ei oppstilling med 49 andre kvinner, hadde du gjerne gått rett forbi meg. Eg er ikkje den vakraste, ei heller den slankaste eller den som oppsøker oppmerksemd, men eg kan elske deg høgare enn himmelen, og hadde du visst det hadde du kanskje stoppa likevel. Men når du trass i alt går forbi, vil det seie at du ikkje er den rette. Fordi den rette vil spasere fram og tilbake langs oppstillinga av desse 50 kvinnene, og han vil ikkje bry seg om den vakraste eller den slankaste, eller den som søker oppmerksemd, fordi han vil sjå meg, stanse framfor meg, og vite at eg er den einaste han ynskjer å dele livet med.

Og difor er det greitt at du går forbi, at du gjekk forbi alle dei gongene sjølv når eg kasta meg i armane dine og sjølv då eg svarte at ja, det er verkeleg meg. Og nettopp difor er det eg som går vidare, denne eine gongen når det har noko å seie, der du står i ei oppstilling med 49 andre menn som er heilt lik deg. Eg går forbi deg 50 gonger utan å nøle, fordi der ute ein stad, kanskje i eit anna land, kanskje rett nedi gata, er det ein som vil ta meg med når han drar.

4 kommentarer:

  1. Denne traff meg rett i hjarta. Det er mange som følar det på den måten, men ikkje alle klare å få det nedskrevet som du. <3


    - Lene

    SvarSlett