mandag 7. februar 2011

Day XV

15. Ein rar/fin draum du har hatt.

Sjå for deg det store sjakkbrettet frå den fyrste Harry Potter-filmen, berre utan alle brikkene og underlaget liknar meir på the Grid frå TRON: Legacy. Sjakkrutene er svarte og skinnande og skilt frå kvarandre med lysande liner, på sidene der brikkene ville ha stått er det store marmorsøyler i bakgrunnen medan på langsidene er det fullstendig tomt, ein svart avgrunn. På brettet/scenen står David Suchet og Zoë Wanamaker og seier linjer frå All My Sons, men det vert etter kvart gjort klart at eg er den einaste i publikum og David går av brettet/scenen for å hente noko(n), medan Zoë halvvegs prøver å halde fram med å spele stykket. Til slutt gir ho til ei viss grad opp og byrjar ha ein samtale med meg i staden for, sjølv om ho til tider roper ut linjer frå manuset. David returnerer i lag med M før han forsvinn i bakgrunnen, og M kjem heilt fram til brettet/scenekanten der eg sit.

Eg er ikkje lenger i ein stol nedforbi, eg er jamstilt med brettet, og når M snakkar kjem han stadig nærmare meg. Zoë forsøker å halde samtalen med meg i live, men må kjempe meir og meir for å verte høyrt etter som M tar over. På eitt punkt er han så nær meg at han rører borti knea mine og ser meg rett inn i auga. Han har fyrst prata frå eit manus, men så glir han over i å snakke om meg og forholdet vårt. I det han skal til å seie kva han verkeleg føler og meiner om meg, kjenner eg at eg vert røska ut av søvnen og back to reality, men i ei kort stund er eg i det stadiet mellom draum og røynd og håpar inderleg, med heile mitt hjarte, at det verkeleg skjedde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar