fredag 18. februar 2011

Day XXVI

26. Forklar korleis det kjennest for deg å vere forelska.

Å vere forelska kjennest for meg ut som ein kjensleeksplosjon, alt vert forsterka. Når han rører ved meg, stryk meg over ryggen, får eg frysningar over heile kroppen, men det er den typen frysningar som gjer meg varm. Å sjå han og vere med han gjer at eg føler meg levande og lukkeleg, og så snart eg ikkje er med han lenger følest saknet nesten som om det ikkje er til å leve med. Å vere forelska er å ha endorfiner i full galopp gjennom systemet, tankeflugene stilnar medan sommarfuglane surrar, og alt eg vil er å titte over bordet og møte blikket hans. Å vere forelska er å dele eit smil utan å seie noko, utan å trenge seie noko, og kjenne meg trygg når eg er med han samtidig som alt følest spanande og sensasjonelt. Som om eg er den fyrste det har hendt med, sjølv om eg veit at det ikkje kan stemme. Å vere forelska er å gå tur i regnet, sitje på ein benk nede på kaien eller vente litt ekstra for å kunne dele nokre sekund med han, framfor å gå heim når alle dei andre gjer det. Å vere forelska er å ikkje kunne sovne fordi minna er så fine å tenkje på.

Å vere forelska er å leve.

4 kommentarer:

  1. Jeg kan ikke tro at jeg er tjue år uten å vite om jeg har opplevd forelskelse. Det er vel et sikkert tegn på et rungende nei?
    Du får det til å høres så fint ut.

    SvarSlett
  2. Hmm, det er ikkje godt å seie. Kanskje du opplever det på ein annan måte?

    SvarSlett
  3. :)
    God helg, Birte!

    SvarSlett