onsdag 9. februar 2011

Day XVII


17. Oversikt over kva du har i veska.

Her er veska eg har brukt i det siste:


Og her er tinga eg har hatt oppi:


Hanskane plar eg la liggje i ytterlomma på veska, så utanom dei er det:
- Audrey Hepburn-korthaldar
- Bergen Filmfest-program
- Cliniquepudder
- Gåvekort x 3: Ikea, Platekompaniet og X-hibition
- Lypsyl
- Mobilen min som har vore flink og trufast sidan 16. november 2008
- Moleskinenotatbok eg fekk av Vixxen i 2008
- Oscar (marihøna)
- Pensumlister
- Skysshefte
- Skysskort
- Snytepapir
- Studentkort
- To pennar - likar best den med burgunderfarge, det er yndlingspennen min
- Tyggis x 3 (Mentostyggisen kjøpte eg i dag, han såg så fancy ut at eg måtte prøve)
- Tøyportemoné til kontanter
- Utskrift frå StudentWeb om at eg tar Teatervitskap, fordi det var noko tull med listene DNS hadde og det står feil på semesterkortet mitt
- Veske til Nemo, altså digitalkameraet mitt (som òg plar liggje i veska, men eg brukte det for å ta desse bileta)

Og så plar det ofte liggje nokre kvitteringar i veska berre fordi eg ikkje har kome på å fjerne dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar