søndag 13. februar 2011

Day XXI


21. Ei bok som har tydd mykje for deg.

Slik eg hugsar det var det Elin Brit og kunst- og handverklærar Tone som tipsa meg om denne boka. Dei må ha fortalt meg mykje fint om ho som eg ikkje kjem på, eg veit berre at eg kjøpte ho og byrja lese med ein gong.

Rundt fire om natta ein skulekveld (nesten morgon) hadde eg lese den siste sida, og det er fyrste gong i mitt liv - både då og ever since - at eg har tatt til å gråte fordi det var så fint og herleg og vakkert at eg ville ikkje det skulle vere over.

Carlos Ruiz Zafón har ein måte å skrive på som drar deg inn, som får deg til å halde pusten, le høgt og felle tårer som landar på sidene i bøkene hans og lagar små, salte flekkar. Han skriv på spansk og hadde eg kunne spansk ville eg meir enn gjerne ha lese bøkene hans på originalspråket, men hans magiske forteljarevne er så god at omsetjing kan ikkje øydeleggje ho.

Då eg las La Sombra del Viento for fyrste gong var det på norsk; Vindens skygge. Eg har sidan lese ho to gonger på engelsk og ein gong til på norsk, som seier ein del fordi eg les omtrent aldri bøker om igjen (eg har alltid så mange andre eg vil lese). Uansett kva språk ho er på er dette yndlingsboka mi og eg elskar at Carlos nektar å gjere ho om til ein film, eg elskar at Daniel, Tomas, Fermin, Beatriz, Clara og alle dei andre karakterane vil for evig sjå ut slik som dei gjer i hovudet mitt. Ein dag håpar eg å kunne dra til Barcelona og gå i dei same gatene som desse menneska eg har delt så mange timar med, og kanskje - om eg er heldig - finn eg min eigen Cemetery of Forgotten Books.

6 kommentarer:

  1. Jeg visste det var denne boken du skrev om, da jeg trykket på linken på facebook. Jeg leser den akkurat nå, faktisk. Og har lært meg "La sombra del viento" og sier det hele tiden, fordi det høres så vidunderlig ut.

    I love you
    <3

    SvarSlett
  2. Awh, yay! :D
    Ja, ikkje sant? Spansk er fint. <3

    Love you too, darling.

    SvarSlett
  3. Det er veldig fint, og jeg har seriøst lyst til å lære meg enten spansk eller fransk. Bare sånn en hobby for meg selv, når jeg har lite å gjøre. Men jeg klarer ikke bestemme meg for hvilken jeg har lyst til å prøve å lære meg først. Begge er så flotte.

    SvarSlett
  4. Jeg også visste at det var denne du kom til å skrive om. Jeg er veldig takknemlig for den gangen du anbefalte den og jeg fikk lese den. Jeg har lest den to ganger nå, en gang på norsk, en gang på engelsk, og har gitt den bort til min nydelige venn som er mer lesehest (jeg hadde garderoberom i huset, hun hadde bibliotek) enn meg uten å føle at den er for dårlig eller for feil, y'know? Jeg elsker boka, den er fantastisk og virkelig en sjeldenhet idag, vil jeg si. Kanskje ikke en sjeldenhet heller, men jo.

    SvarSlett
  5. Er det eit samantreff eg kjøpte den på "loppis" heima, trur ikkje det nei :p

    Det virkar kjempefin, har lest dei første kapitla, men kom ikkje lenger sidan lesegleda mi er long gone :(
    Men eg SKAL lese den!

    Lene

    SvarSlett
  6. Neda: Ja, eg vil eigentleg lære meg fransk mest. Moglegvis Poirot sin feil/forteneste...

    Ane: Så kjekt! :D

    Lene: Sjølvsagt ikkje! :D Awh, okay. <3

    SvarSlett