søndag 20. februar 2011

Day XXVIII

28. Ein måte du kunne tenkje deg å tilbringe påskeferien på.

Det er så mange måtar eg kunne tenkje meg å tilbringe påskeferien på, aller mest kjenner eg at eg har lyst til å reise, men eg veit ikkje kvar eg skulle ha dratt (helst til fem stader på ein gong). Eg kunne òg ha tenkt meg å tilbringe påskeferien heime og bruke fleire dagar på å gå igjennom alt i skapet på rommet mitt og i eskene på garasjeloftet og få organisert, sortert og kasta bort alt eg ikkje treng lenger, og som meir enn det ikkje treng ta opp plass. Rydde litt opp i livet mitt. Og så vil eg tilbringe timar på Moody i godt selskap og gi lange klemmar til fine menneske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar