18. Noko som rører deg.
Eg har veldig mykje som rører meg og eg er generelt eit kjenslemenneske (har til og med fått det som ei form for diagnose), men i dag tenkte eg å fokusere på noko som alltid varmar hjartet: Eldre (ekte)par som viser at dei er glad i kvarandre. Fordi i ei tid når rundt 50 % vel å få skilsmisse, synest eg det er noko uendeleg vakkert med gamle menneske som framleis held hender, klemmer, kyssar eller stryk ei kjærleg hand over kinnet på den andre sjølv om dei kanskje har vore saman i seksti år. Det er så fint å vite at kjærleik kan vare, og at ein veit å setje pris på livspartnaren sin, at ein ikkje tar den andre for gitt når ein har vore i lag så lenge.
Då eg var i London i desember og vandra rundt i Hyde Park som var dekorert til Winter Wonderland-festivalen, såg eg eit par i ei av bodene som stod tett ved sida av kvarandre. Mannen la hovudet på kona si skulder og ho la hovudet sitt inntil hans, og slik stod dei medan stressa foreldre skunda seg forbi fordi ungane allereie hadde sprunge i forvegen og karusellane snurra rundt med hylande passasjerar, og det gjorde dei ingenting fordi dei hadde si eiga lita verd der trass i førjulsmaset og pengemaskinane.
Hvordan vet du om de har vært sammen så lenge? For alt vi vet når vi ser slike gamle ektepar, har de akkurat møttes.
SvarSlettEg skreiv det ut i frå konkrete eksempel som mormor og morfar, men ja, eg veit det. Er eigentleg like fint, uansett kor lenge dei har vore saman.
SvarSlettawwh, eldre ektepar som går å holde hverandre i hendene e såå utrolig skjønt <3!
SvarSlettJa! <3
SvarSlettMormor og morfar er slik <3 Og de holder på å køder med hverandre og terger hverandre fremdeles <3
SvarSlettDe har vært gift i godt over 50 år, and is still going strong, haha xD De er litt som den brelett (?) reklamen, med hu som skjærer brød og han som smører på, haha!
Cute! :D
SvarSlettHar eg ikkje kommentert? Det var sant eg haldt på, men så klikka det.
SvarSlettDet er søtt å sjå gamle folk med så mykje kjærleik til kvarandre.
* Lene
Ja, det er det. :) <3
SvarSlettTa en kikk her, mange nydelig gamle par :) http://galleries.heraldtribune.com/?id=333233#http://spotted.heraldtribune.com/images/100047/photos/2011/02/14/zoom/2227468.jpg
SvarSlettAwh, så fantastisk! :D
SvarSlett