mandag 14. november 2011

Om slikt som varmar hjartet klokka fire om natta

Når du møter på nokon du eigentleg ikkje kjenner så godt og dei seier at dei tenkte på deg her forleden dag. Kva kan vere betre enn at nokon tenkjer på deg og sender deg kjærleik?


Når du ser på Skallamann yet again og smiler, fordi den bringar fram alt det gode med mannen med hatt, og då må du berre smile og kjenne på kriblinga i kroppen.


Når du veit at du er elska. Faktisk elska. Og at i det store biletet så er det det einaste som tyder noko.

Når du sit i senga di og klokka er nesten fire og det følest som om du er den einaste personen som er vaken i heile verda og kor fint det er, fordi det tyder at du passar på alle som søv.

Når du skriv og setningane kjem av seg sjølv, som om det er utanfor din kontroll.

Når du ser rundt deg og alle tinga dine sender ut små ord om håp.


Når du kikkar bort på den nye motivasjonsveggen din og gir mentale klemmar til alle på bileta.


Når det ikkje gjer så vondt å sakne. Du kjenner det stikke, men du veit det er fordi du har så mykje kjærleik å gi, og i lag med det faktum at du aldri kjedar deg, så er det å kunne elske så mange så høgt den beste eigenskapen du har.

Når du endeleg klarer å sovne fordi hovudet dunkar ikkje så hardt lenger og Jason Schwartzman er søt og Ted Danson er sexy, og ein dag skal du jobbe med det du elskar, kanskje før du trur, og då er det verdt å leve.

Då vert du glad for at læraren din redda livet ditt.

Då vert du glad for at navlestrengen rundt halsen din vart fjerna i tide.

Då vert du glad for den dagen, den natta, den spaserturen, den klemmen, det kysset, den mannen, den skulen, den jobben, dei venene, den familien, den skogen, det stupet, det landet, den øya, det håpet og den flammen i hjartet:


Alt som gjer deg til deg.

11 kommentarer:

  1. <3
    (Eg må finne eit bilete av deg som eg kan skrive ut og ha på motivasjonsveggen òg! Kanskje det eg tok av deg og Charlotte. <3)

    SvarSlett
  2. Så mange fine fine ting <3

    Eg er ein person med få ord, men eg er så ufatteleg glad for at du er akkurat deg og at du er i livet mitt. Eg tvilar på du er klar over kor mykje eg setter pris på deg fordi ingen ord eller handlingar nokonsinne bevisar det bra nok.

    SvarSlett
  3. Awh, kjære deg!
    Love you, Lene. <3

    SvarSlett
  4. Dette var innmari fint å lese, Birte! Så innmari fint. <3

    SvarSlett
  5. Åååå, så fint! Så glad jeg er for at Lene ba meg komme inn hit! Nå skal jeg prøve å ikke bli lei meg når jeg er oppe alene! :)

    SvarSlett
  6. Heldigvis er det stort sett godt å leva, også om natta, sjølv om ting gjerne kan bli meir vanskeleg då. Likar den fine motivasjonsveggen din. Eg blir glad når eg ser du har det bra. Tenkjer på deg. Klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  7. motionocean: Takk for bloggbesøket og for koseleg kommentar. :)

    Elin Brit: Ja, det berre gjer litt vondt i blant og nokre gonger tar det vonde over.
    Takk, eg er veldig glad i motivasjonsveggen min og synest det er så koseleg med biletet av oss frå Polenturen. God, gammal årgang. :)
    Klem <3

    SvarSlett