fredag 2. mars 2012

Hei #3

Hei.

Dette er eg flink til:
- bake
- smile
- gråte
- skrive i sanden
- sakne
- elske
- klemme
- gå tur

Eg saknar:
- deg

Dette har eg i fryseskapet:
- hjarteforma isbitar
- veganske kanel i svingane som eg laga i går kveld
- solbær
- selskapserter (fordi dei er så mykje festlegare enn vanlege erter)
- eit halvt speltbrød frå Rema 1000 som eg eigentleg ikkje toler fordi det har kveitemjøl i seg
- Eldorado skogsbærblanding
- endå meir solbær (som er ganske rart, fordi eg liker ikkje solbær)

Sidan november har eg hatt ein 13" MacBook Pro, namnet er Lady Chatterley og det eg liker best er alle touchpad-funksjonane.

Tidlegare i dag var eg på universitetsbiblioteket for å bestille ei bok eg treng til bacheloroppgåva mi, fordi omtrent all relevant litteratur finst i alle andre byar enn den der eg studerer.

Eg elskar:
- deg

Den siste filmen eg såg var Young Adult, den fekk meg til å ville gråte utan at eg faktisk gjorde det. Eg trur kroppen min førebur seg på eit nytt samanbrot som det eg hadde i går.

Denne helga kjem foreldra mine på besøk, pappa har ikkje møtt det nyaste barnebarnet sitt enno. Eg skal på teater med mamma og kysse hovudet til Line Mathilde (som er namnet den nye niesa mi har fått), og på laurdag kveld skal eg vere med ein ven eg ikkje har sett sidan før jul.

Hovudet mitt er:
- eit minefelt
- eit lappeteppe
- eit krigsområde
- ein sølepytt
- eit hav
- ei aude øy
- ein sverm av tankefluger

6 kommentarer:

  1. Oooh, like this. Du kan gjerne ha en sånn post en gang i uka? :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje? Får sjå om hovudet mitt er like all over the place då som no, då er det ikkje grenser for kva eg kan få til. :)

      Slett
  2. :) Det er så viktig å minne seg selv på hva en er flink til. Lett å glemme.

    SvarSlett
  3. Har du fått deg mac? (snakk om å følgje med xD)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mhm, it's very pretty and fancy. <3

      Slett