lørdag 24. mars 2012

Sand i hendene dine

Solnedgangane er så korte her, du blunkar og dei er over. Og eg som skulle leie deg over brua, det er ikkje rart du har låst deg inne, det finst så mange hestar der ute og ingen vil vel trampast på.

Men eg ser deg, veit du, veit korleis auga skiftar i nattmørkret når blått vert svart og du kan gjere kva enn du vil med meg.
- Du veit det, ikkje sant? Eg er sand i hendene dine.

Difor håpar eg på nye havgap, nye bølgjer, nye tre å klatre i. Og eit raudt, bankande hjarte som vert skylt i land.

1 kommentar: